Mange kjempar ein tung kamp mot liberalisering ogvranglære i landet vårt, og overmakta kan verke stor. Når leiinga i ImF har gjort strategiske tiltak eller uttaler som ein konsekvens av utviklinga i folkekyrkja, har vi alltid uttrykt ei tydeleg støtte til dei enkeltpersonar og grupperingar som står opp mot den vranglære som brer om seg i denne kyrkja. Når vi har gått til det skritt å etablere ImF Trossamfunn, så har vi gjort det for at kristne skal kjenne seg fri i sitt samvit, men samtidig har vi uttrykt at vi alltid vil stå saman med dei i DNK som vil stå på Guds ord og forkynne til vekking og omvending.
…vi (har) alltid uttrykt ei tydeleg støtte til dei (…) som står opp mot den vranglære som brer om seg i denne kyrkja.
Biskopar har den siste tida stadfesta at det ikkje skal vere mogleg å gjere teneste i denne kyrkja og samtidig rekne ei lære som seier ja til homoseksuelt samliv som vranglære og dermed som kyrkjesplittande. Vi vil gjerne uttrykke ei klar støtte til Carissimi-prestane og alle andre som vil stå opp imot ei slik villfaring. Kristne leiarar som lærer i strid med Guds ord har sjølv sett seg ut av rolla som åndelege tilsynsmenn, og ingen skal kjenne seg forplikta på å høyre dei eller følgje dei. Derfor forstår vi den smerte som mange prestar kjenner på i denne tid, og kampen for alternativt tilsyn er så absolutt legitimt. Vi vil likevel peike på at der er alternativ.
Med utviklinga i dei store folkekyrkjene i Europa og Norden har fleire misjonsorganisasjonar markert sitt sjølvstende meir tydeleg enn før, og for Indremisjonsforbundet ligg dette i våre røter. I Syn og retningslinjer frå 1953 er forholdet til Den Norske Kyrkje og prestane blant anna uttrykt slik: «Vi forholder oss ikke til embedet, men til embedetsinnehaver.»
Lekmannsrørsla nyttar seg av den kalls- og forsamlingsrett som vi meiner trua sitt folk har ut frå Bibelen og den evangelisk lutherske vedkjenninga. «Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk til eigedom, så de skal forkynna hans stordom, han som kalla dykk frå mørkret til sitt underfulle ljos,» (1.Peters brev 2,9). På denne basis har vi frimod til også å tilby vårt folk alle kyrkjelege handlingar.
Vi forholder oss ikke til embedet, men til embedetsinnehaver.
Ja, vi vil satse på bedehuset i denne tid, og vi vil invitere alle som vil stå på Guds ord inn til å bruke bedehuset som basis for misjonsarbeidet. Det vi ikkje vil ha inn, er eit anna kyrkje- og embetssyn enn det som ligg i våre røter. Vi vil nytte tilsynsmenn som vi har tillit til og som tydeleg står på Guds ord, og det er all den autoritet som trengs.