Han har forberedt oss på framtida

Postet: 28. juli 2011     kommentarer

I møte med usunn karismatikk (for det finst sunn karismatikk) og herlegdomsteologi, kan vi lett falle i ei elendighetsgrøft der vi glorifserer all liding og motgang. Nei, lat oss minne kvarandre om at Gud framleis er på tronen. Han er underets Gud. Jesus er gitt all makt i Himmel og på jord. Han kan framleis gje nåde og hjelp i rette tid! (mer…)

«Med gråt ser mitt auga mot Gud …»

Postet: 25. juli 2011     kommentarer

Ei ufatteleg tragedie har ramma vårt folk med dei grufulle angrepa i Oslo, og resten av livet vil vi nok snakke om «kor var du fredag ettermiddag den 22.juli 2011?» Eg var på Lyngdal Bibelcamp, og var ute og lufta hunden då ein forbipasserande sa: «Det er bombeangrep i Oslo – ser heilt vilt ut.» Nokre minutt etter var eg oppkopla på nettet og fekk sjå dei første stillbilda av regjeringskvartalet. Uverkeleg. Rett før kveldsmøtet skulle starte, kjem ein oppskaka kollega bort til meg og seier: «Har du høyrt om det som skjer på Utøya? Ein mann utkledd som politimann hor skote mange ungdomar på AUF-leir.»

Kva anna kan eg gjere med mi sorg når ulukka rammer?

Det var vanskeleg å konsentrere seg under kveldsmøtet. Dei to siste dagane hadde eg hatt bibeltimar om skuffelse og bitterhet. Eg hadde sitert Job, som midt i sitt mørke sa: «Med gråt ser mitt auga mot Gud.» No var det tid for å gjere det sjølv. Kva anna kan eg gjere med mi sorg når ulukka rammer?

I dag var eg tilbake på kontoret, og vi sat vi i stillhet i samband med andakta. Vi som har tru på bøn, ber i desse dagane for dei pårørande og dei overlevande. Gjerningsmannen si familie har det sikkert også ufatteleg tungt. ImF driv mykje arbeid mellom born og unge, og vi deler smerten som leiarane i AUF må kjenne på. Og vi ber også om at underets Gud kan gjere noko i hans hjarte som har gjort denne ugjerninga. Vi ber til «… vår Herre Jesu Kristi Far, barmhjertighetens Far og all trøsts Gud, han som trøster oss i all vår trengsel, for at vi skal kunne trøste dem som er i all slags trengsel, med den trøst vi selv blir trøstet med av Gud.» (2.Kor 1:3-4)

 

Fundamentalisme

Postet:      kommentarer

Som dei fleste andre kristne reagerer eg på at gjerningsmannen bak terrorangrepa i Oslo omtalar seg som «konservativ kristen» og blir av media omtalt som «fundamentalistisk kristen». Det siste er jo ein merkelapp som ein del gjerne nyttar om våre samanhenger, og eg synes det heile er meiningslaust og urettferdig. Men så trur eg det er viktig at vi kristne stopper opp og kjenner litt på den følelsen, for det kan hjelpe oss til å forstå korleis mange muslimar kjenner det når islamistar forårsaker terror i Allah sitt namn. Vi har alle lett for å generalisere, og det er som regel djupt urettferdig for dei aller fleste.

Om eg skal ta inn over meg merkelappen «fundamentalistisk kristen» så er det ved å vedkjenne at eg trur heile Bibelen er Guds inspirerte ord, og i sentrum for bodskapen er Jesu ord: «Difor, alt det de vil at menneska skal gjera mot dykk, skal de òg gjera mot dei! For dette er lova og profetane.» (Matteus 7:12).

… det er viktig at vi kristne stopper opp og kjenner litt på den følelsen, for det kan hjelpe oss til å forstå korleis mange muslimar kjenner det …

Og kjærleikens apostel skriv:  «Og dette er den bodskapen vi har høyrt av han og forkynner dykk: Gud er ljos, og det er ikkje noko mørker i han.  Dersom vi seier at vi har samfunn med han, men ferdast i mørkret, då lyg vi og gjer ikkje sanninga.  Men dersom vi ferdast i ljoset, liksom han er i ljoset, då har vi samfunn med kvarandre, og Jesu, hans Sons blod reinsar oss frå all synd.  Dersom vi seier at vi ikkje har synd, då dårar vi oss sjølve, og sanninga er ikkje i oss.  Dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss frå all urettferd.  Dersom vi seier at vi ikkje har synda, då gjer vi han til lygnar, og hans ord er ikkje i oss.» (1.Joh 1:5-10)

Ja, dette er fundamentet i det eg trur på og vil stå for! Og det gjeld alle som kallar seg kristne.

Dagens bibelord - Ef 5,8-14

8 En gang var dere selv mørke, men nå – i Herren – er dere lys. Lev da som lysets barn! 9 Lysets frukt er all godhet, rettferd og sannhet. 10 Prøv hva som er til glede for Herren! 11 Ta ikke del i mørkets gjerninger, for de bærer ingen frukt. Avslør dem heller! 12 Det som slike folk driver med i det skjulte, er det en skam bare å nevne. 13 Men alt kommer for dagen når det blir avslørt av lyset, 14 og alt som kommer for dagen, er lys. Derfor heter det:
          Våkn opp, du som sover,
          stå opp fra de døde,
          og Kristus skal lyse for deg.

Ef 5,8-14
 En gang var dere selv mørke, men nå – i Herren – er dere lys. Lev da som lysets barn!
Les mer