«Med gråt ser mitt auga mot Gud …»

Postet: 25. juli 2011  

Ei ufatteleg tragedie har ramma vårt folk med dei grufulle angrepa i Oslo, og resten av livet vil vi nok snakke om «kor var du fredag ettermiddag den 22.juli 2011?» Eg var på Lyngdal Bibelcamp, og var ute og lufta hunden då ein forbipasserande sa: «Det er bombeangrep i Oslo – ser heilt vilt ut.» Nokre minutt etter var eg oppkopla på nettet og fekk sjå dei første stillbilda av regjeringskvartalet. Uverkeleg. Rett før kveldsmøtet skulle starte, kjem ein oppskaka kollega bort til meg og seier: «Har du høyrt om det som skjer på Utøya? Ein mann utkledd som politimann hor skote mange ungdomar på AUF-leir.»

Kva anna kan eg gjere med mi sorg når ulukka rammer?

Det var vanskeleg å konsentrere seg under kveldsmøtet. Dei to siste dagane hadde eg hatt bibeltimar om skuffelse og bitterhet. Eg hadde sitert Job, som midt i sitt mørke sa: «Med gråt ser mitt auga mot Gud.» No var det tid for å gjere det sjølv. Kva anna kan eg gjere med mi sorg når ulukka rammer?

I dag var eg tilbake på kontoret, og vi sat vi i stillhet i samband med andakta. Vi som har tru på bøn, ber i desse dagane for dei pårørande og dei overlevande. Gjerningsmannen si familie har det sikkert også ufatteleg tungt. ImF driv mykje arbeid mellom born og unge, og vi deler smerten som leiarane i AUF må kjenne på. Og vi ber også om at underets Gud kan gjere noko i hans hjarte som har gjort denne ugjerninga. Vi ber til «… vår Herre Jesu Kristi Far, barmhjertighetens Far og all trøsts Gud, han som trøster oss i all vår trengsel, for at vi skal kunne trøste dem som er i all slags trengsel, med den trøst vi selv blir trøstet med av Gud.» (2.Kor 1:3-4)

 

Dagens bibelord - Tit 3,4-7

4 Men det ble åpenbart
          hvor god vår Gud og frelser er,
          og at han elsker menneskene:
          
   
5 Han frelste oss,
          ikke på grunn av våre rettferdige gjerninger,
          men fordi han er barmhjertig.
          Han frelste oss
          ved badet som gjenføder
          og fornyer ved Den hellige ånd,
          
   
6 som han så rikelig har øst ut over oss
          ved Jesus Kristus, vår frelser,
          
   
7 så vi skulle bli rettferdige ved hans nåde
          og bli arvinger til det evige liv, som er vårt håp.

Tit 3,4-7
 Men det ble åpenbart
          hvor god vår Gud og frelser er,
          og at han elsker menneskene:
          
   
Les mer