I møte med usunn karismatikk (for det finst sunn karismatikk) og herlegdomsteologi, kan vi lett falle i ei elendighetsgrøft der vi glorifserer all liding og motgang. Nei, lat oss minne kvarandre om at Gud framleis er på tronen. Han er underets Gud. Jesus er gitt all makt i Himmel og på jord. Han kan framleis gje nåde og hjelp i rette tid!
Lat oss minne kvarandre om at Gud framleis er på tronen.
Han er underets Gud.
Men på same tid visste vår Herre at ingenting er så farleg som å trøste oss ved å lene oss til falske forventningar. Han har derfor forberedt disiplane på kva dei må forvente å møte i hans teneste. Når Jesus i Joh.16 talar til læresveinane om forfølgingar som kjem, seier han: «Men dette har eg tala til dykk så de, når den timen kjem, skal koma i hug at eg sa dykk det.»
Informert i forkant, og forberedt på kampen i forkant! Dei måtte ikkje sjå etter ei fredeleg reise. Dei måtte ta stilling til kampar, konfliktar, sår, motstand, forfølgingar, og kanskje til og med død. Som ein klok general skjulte han ikkje for sine soldatar innhaldet i kampen frå starten av. I kjærleik fortalde han dei alt som låg føre dei. Når tida for trengselen kom, ville dei kanskje hugse hans ord, og ikkje bli skuffa og ta anstøt (eller førast til fall – som det står i NO 78/85). Ein har sagt: «Han fortalde dei med visdom i forkant at korset var vegen til tronen.»
Å kalkulere kostnaden er noko som alle kristne i alle aldrar bør gjere. Det er ikkje godt for unge som er nye på vegen å få malt tenesta for Kristus i falske fargar, og til å halde sanninga tilbake frå dei. Vi har så lett for å male ei fredeleg reise for å fylle opp rekkene i Kristi hær med bekjennande soldatar. Jesus har fortalt oss likninga om såkornet som fall på steingrunn, og med det vil han peike på at slik kan det også gå med hans soldatar. Når tida med trengsel kjem, kan dei falle bort.
Å kalkulere kostnaden er noko som alle kristne i alle aldrar bør gjere.
Ingen kristne er i ein sunn sinnstilstand om ein ikkje er forberedt på bråk og vanskar. Vi kan aldri vite kva som er framfor oss i livet. Men ein ting kan vi vere veldig sikre på – vi må bere korset før vi kan ta imot kronen. La oss gripe dette prinsippet, og aldri gløyme det. Deretter, når prøvinga sin time kjem, skal vi ikkje ta anstøt, ikkje førast til fall.