Profetisk nærsynt?

Postet: 7. desember 2011  

Då Charles Spurgeon ein gong vart spurt om han trudde Kristus ville kome tilbake snart, svarte han: «Eg trur ikkje det!» Etter å ha gjenteke dette svaret mange gonger, var det nokon som endeleg tok motet til seg og spurte han: «Seier ikkje Bibelen at vi skal leve i forventning om at Kristus kjem att? Så kvifor seier du; eg trur ikkje det?» Spurgeon svarte: «Fordi Bibelen seier; Ver difor budde, de òg! For Menneskesonen kjem i den timen de ikkje tenkjer det.» (Matt 24:44).

Vi lever i ei verd der det skjer store omveltninger på fleire område.  Enorme naturkatastrofer, finansielle kriser på løpande band, antiterror-lover som set til side grunnleggande rettar i eit demokraisk samfunn, uttaler frå verda sine leiarar om nye globale og overnasjonale ordningar, teknologi som manipulerer  sjølve livet, osb.

Det har vore mykje spekulasjon, skråsikre utleggingar,  openberre feiltolkningar og uheldig blanding av bibelske og personlege profetiar.

Og Bibelen løfter ein god del på sløret om kva som skal prege den siste tid: Krig, rykter om krig, svolt, jordsjelv, jødane samlast frå endane av jorda, lovløyse, kjærleiken skal verte kald, forføringar slik at folket trur på openberr løgn, handel under dyrets merke, mange som skal fare omkring, kunnskapen som skal verte stor, osb.

Og likevel er det ganske stille med tanke på å løfte fram det profetiske ord frå Bibelen som omtalar teikna for Jesu atterkome. Mitt inntrykk er at det var mykje sterkare fokus på dette i forkynninga for ein del år tilbake. Joda, det har vore mykje spekulasjon, skråsikre utleggingar,  openberre feiltolkningar og uheldig blanding av bibelske og personlege profetiar. Så har vi «brent fingrane» og teier stille der Gud ber oss om å tale? Resultatet vert lett eit kristenfolk utan forventning og utan iver for misjon.

Truande har forventa Kristi kome i over 2000 år, og det verkar tåpeleg i augene åt skeptikarane at vi framleis held fram med å vente: «Fyrst og fremst skal de vita dette, at i dei siste dagar skal det koma spottarar med spott. Dei fer fram etter sine eigne lyster og seier: Kva har det vorte til med lovnaden om hans atterkome?» (2.Pet 3:3-4). La dei berre spotte, for Jesus har bedt oss om å løfte blikket, halde oss vakne, og be. Og for å hjelpe oss med det har han gitt oss det profetiske ord «… som ei lampe som lyser på ein mørk stad, til dagen lyser fram og morgonstjerna går opp i hjarto dykkar.»

… er vi kome så nært at vi ikkje ser det så klart som når vi ser det litt på avstand?

Ikkje noko menneske kan seie med sikkerheit når Jesus kjem att. Men han kjem – i den tid Gud har fastsett – i sitt råd. Spørsmålet eg stiller i denne adventstid er om vi er kome så nært at vi ikkje ser det så klart som når vi ser det litt på avstand?

Dagens bibelord - Luk 24,46-53

46 og han sa til dem: «Slik står det skrevet: Messias skal lide og stå opp fra de døde tredje dag, 47 og i hans navn skal omvendelse og tilgivelse for syndene forkynnes for alle folkeslag; dere skal begynne i Jerusalem. 48 Dere er vitner om dette. 49 Og se, jeg sender over dere det som min Far har lovet. Men dere skal bli i byen til dere blir utrustet med kraft fra det høye.»
   
50 Så førte han dem ut mot Betania, og han løftet hendene og velsignet dem. 51 Og mens han velsignet dem, skiltes han fra dem og ble tatt opp til himmelen. 52 De falt på kne og tilba ham. Så vendte de tilbake til Jerusalem i stor glede. 53 Siden var de stadig i tempelet og lovpriste Gud.

Luk 24,46-53
 og han sa til dem: «Slik står det skrevet: Messias skal lide og stå opp fra de døde tredje dag,
Les mer