Visjon 2020

Postet: 5. juli 2012  

Vi er inne i eit spennande år for ImF. Saman med krinsane har vi sett i gong eit omfattande strategiarbeid, der vi tek sikte på å nå dei aller fleste av leiarane i det lokale indremisjonsarbeidet. Dette gjer vi fordi vi ønskjer å ta på alvor bakgrunnen for at krinsane og Forbundet vart starta i si tid. Organisasjonen vart forma fordi dei åndelege leiarane såg eit behov for å stå saman i ein større einskap. Så kva er behovet i dag?

Slike prosessar er krevjande, men nødvendige.

Vi stiller ein del grunnleggande spørsmål til våre lokale leiarar, mellom anna desse:

  1. Kva kriser har vi hatt og kva har dei gjort med oss?
  2. Kva arbeid har vi lukkast med, og kvifor?
  3. Kva er den viktigaste kompetanse vi har? Kva gjev oss rett til å eksistere? Kva gjer oss til oss?
  4. Kva har Gud talt til deg som er leiarar i ein eller annan samanheng i indremisjonen? Kva opplever du Han kallar oss til å gjere?
  5. Korleis ser du for deg arbeidet i ImF om 10 år?
  6. Kva ser du av hindringar, truslar, styrker og muligheiter?

Slike prosessar er krevjande, men nødvendige. Vi opplever store endringar både i samfunnsstrukturane og folks innstilling til kristen tru. Den store omdømmeundersøkinga som vart gjennomført i vår gav oss mykje å tenkje på, og eg oppmodar våre leiarar til å sette seg inn i denne. Hjertedørene til folket vårt er framleis opne, og vi er oppmuntra over å sjå at mange menneske kjem til tru gjennom ulike delar av misjonsverksemda. Men sett i forhold til dei store massane må vi også berre erkjenne at vi maktar i så altfor liten grad å få folket i tale. Det er vår store naud, og vi ber: «Kjære Herre Jesus, vis oss vegen i dette uoversiktlege landskapet. Driv arbeidarar ut til din haust!»

Lytt til Herrens stemme gjennom Ordet og ved Den Heilage Ande, og la di røyst lyde om kva Han kallar oss til dei neste 10 åra!

I ImF sentralt er vi takksame for at krinsane står saman om dette strategiarbeidet, og vi deler ei felles forståing av situasjonen. I ImF kunne vi sikkert på eiga hand ha utforma ein brukbar strategi- og handlingsplan til neste års generalforsamling, men no vil vi i sterkare grad lytte til leiarane på grasrota. Derfor er vår innstendige oppmoding denne: Lytt til Herrens stemme gjennom Ordet og ved Den Heilage Ande, og la di røyst lyde om kva Han kallar oss til dei neste 10 åra!

Dagens bibelord - Mark 7,31-37

31 Siden forlot han Tyros-området igjen. Han tok veien om Sidon og dro mot Galileasjøen gjennom Dekapolis-landet. 32 De førte til ham en mann som var døv og hadde vondt for å tale, og de ba ham legge hendene på ham. 33 Jesus tok ham med seg bort fra mengden. Han stakk fingrene i ørene hans, tok spytt og berørte tungen hans. 34 Så løftet han blikket mot himmelen, sukket og sa til ham: «Effata!» – det betyr: «Lukk deg opp!» 35 Straks ble ørene hans åpnet, båndet som bandt tungen hans, ble løst, og han snakket rent. 36 Jesus forbød dem å fortelle dette til noen. Men jo mer han forbød det, dess mer gjorde de det kjent. 37 Folk var overveldet og forundret og sa: «Alt han har gjort, er godt. Han får døve til å høre og stumme til å tale.»

Mark 7,31-37
 Siden forlot han Tyros-området igjen. Han tok veien om Sidon og dro mot Galileasjøen gjennom Dekapolis-landet.
Les mer