Nattverden – for heile Guds folk

Postet: 1. april 2014  

I eit fangehol i Egypt retta Josef ei bøn til ein medfange som var i ferd med å få sin fridom: «Gjev du ville koma meg i hug når det går deg godt!». Eg tenkjer ofte på dette når eg samlast med andre truande til nattverd. Midt i vår travle og materialistiske tid, ei tid der det går godt for det fleste av oss, må vi huske Jesu ord til sine: «Gjer dette til minne om meg!» Det var vel det minste vi kunne gjere for vår Frelsar, ikkje minst når det i tillegg står at kvar gong vi et dette brødet og drikk av begeret, forkynner vi Herrens død, heilt til han kjem. Dette er eit samfunnsmåltid og takkemåltid, der vi forkynner for makter og myndigheter at vi er eitt folk, og at det er Kristi forsoning som er sentrum i vår tru. Lat oss derfor samlast ofte til Herrens måltid.

Så vert vi frå tid til anna minna om teologiske skilnader og praktiske omsyn som gjer at einskapen vert sett på prøve. Frå indremisjonen sitt lutherske læregrunnlag held vi fram at nattverden også er eit sakrament og ei nådemåltid, men er samstundes vel vitande om at det er ulikt syn på dette i vårt misjonsfolk. Det siste vi ønskjer er at ein skal delast opp i ulike flokkar på grunn av ulikt syn.

Denne einskapen må også gjere seg gjeldande i dei praktiske sidene av nattverdfeiringa. Når Bibelen er så tydeleg på å vise omsyn og omsorg til kvarandre, bør dette vege meir enn at elementa er akkurat slik den enkelte av oss synes er optimalt. Når stadig fleire har intoleranse mot gluten, har vi ved våre større stemne tatt konsekvensen av det og nytta fint glutenfritt flattbrød for alle. Vidare er alkohol eit betydeleg samfunnsproblem, og for ein tørrlagd alkoholikar burde nattverdbordet vere «trygg sone». Derfor er det heilt naturleg for oss å anbefale alkoholfri vin, og vi peiker også på at det finnast i daglegvarehandelen ulike typer juice av mørke druer, som vil vere fullverdige alternativ. Vi anbefaler for øvrig ikkje intinksjon (brødet vert dyppa i vinen) som ordning, jf. Jesu ord om å ete av brødet og drikke av kalken. (Matt 26,29; 1 Kor 11,26), men ser at det i sjeldne tilfelle kan vere praktisk nødvendig.

Sjølv om mange i vårt misjonsfolk deler vårt lutherske syn på at nattverden er vår Herre Jesu Kristi sanne kropp og blod under brød og vin, har eg aldri høyrd at nokon er anfekta av at ein ikkje nyttar brød av kveitemjøl eller «ekte» vin, og det er det heller ingen grunn til. Skulle ikkje underets Gud kunne forvandle det Han vil? Lat oss ikkje ha hovudfokus på middelet, men på Kristus som formidlar sine gåver. Med det som utgangspunkt, må vi velje gode og praktiske ordningar der alt Guds folk kjenner seg inkludert.

Dagens bibelord - 1 Mos 1,26-31

26 Gud sa: «La oss lage mennesker i vårt bilde, så de ligner oss! De skal råde over fiskene i havet og fuglene under himmelen, over feet og alle ville dyr og alt krypet som det kryr av på jorden.» 27 Og Gud skapte mennesket i sitt bilde, i Guds bilde skapte han det, som mann og kvinne skapte han dem. 28 Gud velsignet dem og sa til dem: «Vær fruktbare og bli mange, fyll jorden og legg den under dere! Dere skal råde over fiskene i havet og over fuglene under himmelen og over alle dyr som det kryr av på jorden.» 29 Og Gud sa: «Se, jeg gir dere alle planter som setter frø, alle som finnes på hele jorden, og alle trær som bærer frukt med frø i. Det skal dere ha å spise. 30 Og til alle dyr på jorden og til alle fugler under himmelen og til alt som kryper på jorden, alt som har livsånde i seg, gir jeg alle grønne planter å spise.» Og det ble slik. 31 Gud så på alt det han hadde gjort, og se, det var svært godt! Og det ble kveld, og det ble morgen, sjette dag.

1 Mos 1,26-31
 Gud sa: «La oss lage mennesker i vårt bilde, så de ligner oss! De skal råde over fiskene i havet og fuglene under himmelen, over feet og alle ville dyr og alt krypet som det kryr av på jorden.»
Les mer