Kvifor plante nytt?

Postet: 4. april 2014  

Nokre vert kanskje provosert av det temaet som Sambåndet har denne gongen. Kvifor skal vi plante nye kristne fellesskap når vi har så mange små bedehus-flokkar som skrik etter å få inn ungt og friskt blod? Er det eit teikn på usunn fragmentering av Kristi lekam når ein etablerer nye forsamlingar i eit område der det alt finns ei forsamling? Er ikkje planting av forsamlingar berre flytting av frustrerte kristne frå det etablerte til det som er nytt og «trendy»?

Joda, det kan vere mykje sant i slike innvendingar. Erfaringar tilseier også at det som vert planta som ein protest mot noko anna, eller fordi ein ser ned på det beståande, vil få eit kortvarig liv. Derfor er det viktig å få med seg at vi ikkje berre snakkar om nyplanting, men også replanting, det vi seie at ein satsar på å fornye arbeidet med utgangspunkt i det eksisterande. Vi vil tilrå at ein undersøkjer nøye om det er grunnlag for replanting før ein går i gong med nyplanting. Alle er tent med ein open og god kommunikasjon med andre forsamlingar og fellesskap før ein vurderer å plante nytt.

La det vere klart: Vi kan ikkje vedta at nytt liv skal oppstå. Vi kan ikkje vedta vekst. Vi kan ikkje i eiga kraft og beslutning skape det berre Gud kan skape ved sitt ord og ved Den Heilage Ande. Berre eit møte med den seirande og levande Jesus Kristus kan forvandle redde og inneslutta disiplar til frimodige vitne som vinner nye for Himmelen.

Men ifølgje Guds ord kan vi plante, og vi kan vatne det vi har planta. Gud vil sørgje for veksten dersom det er plantar som har djupe røter. Vi drøymer om eit fornya indremisjonsrørsle som har djupe røter i Guds evige ord, men også i den radikale ånd som prega den første tid. Dei var opptekne av å drive misjon i si eiga bygd og by, men også av å starte nytt misjonsarbeid for andre landsdelar, andre målgrupper, og i andre land. Om ingen på den tida var opptekne av å plante, ville det ikkje blitt etablert misjonsarbeid i ditt og mitt nærområde heller.

Ikkje reint få gonger har eg høyrt møteleiaren på Bedehuset starte med orda: «Ja, då trur eg alle er komne, så no kan vi starte». Då må vi erkjenne at vi har mista foventninga om at våre fellesskap er misjonerande og evangeliserande. Då må vi heller ikkje bli forundra over at ungdomar, som alltid bør vere radikale, finn seg andre samanhengar der dei møter større utfordringar i utadretta misjonsverksemd.

Draumen vår er ikkje fragmenterte og oppsplitta forsamlingar, der unge, vaksne og eldre har kvar sine samlingar, men forsamlingar der generasjonane står side om side i oppdraget som vår Herre Jesus Kristus gav oss. Nokon skal reise kort. Nokon skal reise langt. Misjonsmark er det rundt oss på alle kantar. Spørsmålet er om i vågar å seie: «Herre, her er eg, send meg!»

Dagens bibelord - Gal 3,1-7

1 Uforstandige galatere! Hvem har forhekset dere, dere som har fått Jesus Kristus malt for øynene som den korsfestede? 2 Svar meg på én ting: Fikk dere Ånden ved lovgjerninger eller ved å høre og tro? 3 Er dere så uforstandige? Dere begynte ved Ånden, vil dere nå fullføre med kjøttet? 4 Har dere opplevd alt dette forgjeves – hvis det da var forgjeves? 5 Han som gir dere Ånden og gjør under blant dere, gjør han det ved lovgjerninger eller ved at dere hører og tror? 6 Om Abraham heter det: Han trodde Gud, og derfor regnet Gud ham som rettferdig. 7 Så forstår dere at det er de som tror, som er Abrahams barn.

Gal 3,1-7
 Uforstandige galatere! Hvem har forhekset dere, dere som har fått Jesus Kristus malt for øynene som den korsfestede?
Les mer