ImF og kyrkjesituasjonen

Postet: 12. september 2016  

ImF-veteranene Gottfred Eriksen, Harald Mylkebust og Karl Johan Hallaråker har dei siste dagane kome med synspunkt der dei meir eller mindre klart antyder at ImF har lagt seg på ei ny kyrkjepolitisk linje. Alle knyter dette til valet av ny formann under vårt generalforsamling i sommar. Begge formannskandidatar fekk spørsmål om kvar dei personleg stod i spørsmål om kyrkjemedlemskap og vektlegging av kor sterkt ImF Trossamfunn skal profilerast som alternativ i dagens situasjon. Det skulle berre mangle om ikkje generalforsamlinga skulle vite kva som skil kandidatar i eit formannsval.

Det verkar på meg som dei tre mennene i liten grad tek inn over seg at ImF denne våre sende ut eit dokument som uttaler seg om kyrkjesituasjonen. Eg vil tru at det er få dokument i vår historie som har fått grundigare handsaming i organisasjonen, og mange tillitsvalde har fått gje innspel til ordlyd og retning, inklusive dei to kandidatane. Dokumentet har hausta brei anerkjenning i fora der det har vore kommentert, sist under debatten i generalforsamlinga. Derfor forpliktar dagleg leiing og eit samla styre seg på dette.

Når det no nærmast vert framstilt som at ImF sviktar bibeltru prestar i Dnk, vil eg få lime inn følgjande ordlyd frå dokumentet: «Vi vet at mange ansatte og frivillige i Den norske kirke (Dnk) fortsatt står for en klassisk kristen tro som er fundamentert i troskap til Bibelen og bekjennelsen, og vi vet også at mange opplever stor nød i forhold til dagens situasjon. ImF ønsker på ingen måte å legge sten til byrden for disse». Dette er også noko av bakgrunnen for vårt engasjement i Evangelisk Luthersk Nettverk. Vi vil gje støtte og oppmuntre til frimod for dei prestar som vil stå fast på ei lære som er i samsvar med Bibel og vedkjenning.

Under avsnittet om kyrkjemedlemskap, seier dokumentet dette: «I våre foreninger og forsamlinger er alle som slutter seg til vår basis like velkommen til å engasjere  seg, uavhengig av hvor en har sitt formelle kirkelige medlemskap. I spørsmålet om medlemskap må den enkelte altså treffe et valg som samvittigheten – bundet i Guds ord – kan leve med, men vi anbefaler at du melder deg inn i et trossamfunn dersom du melder deg ut. Når vi har opprettet ImF Trossamfunn er det fordi det er et seriøst og godt alternativ for den som ønsker det. Fortsatt vil en del vektlegge at medlemskap i Dnk gir større muligheter for å påvirke utviklingen der i positiv retning. Andre vil tenke at rollen som støttespiller og medarbeider i Dnk sitt åndelige arbeide ikke er avhengig av medlemskap». At dette skulle representere noko linjeskifte frå ImF er uforståeleg for meg.

Når det gjeld kva fokus dette med kyrkjemedlemskap eller kyrkjepolitikk har i organisasjonen, er det utfordrande å gje ei framstilling av generalforsamlinga for dei som ikkje var til stades, inklusive Hans Aage Gravaas (jfr kronikk i Dagen 12/9). Vi er framleis ein misjonsorganisasjon, og over fem dagar vart det fokusert på korleis vi skal «Innta landet». Ingen bør leve i den illusjon at dette handlar om kvar vi har vårt kyrkjemedlemskap. Vi har lagt til rette for at folk kan ta eit val som ein ut frå sit samvit kan leve med, men vi skal vinne folket for Gud med det som har vore vårt kall frå starten av: Forkynne Ordet til vekking om omvending og forlating for syndene.

Så vil eg rette ei utfordring tilbake, og be om erkjenning av at vi lever i ein kyrkjepolitisk situasjon som er dramatisk forverra i forhold til dei årtier som ligg bak. I desse dagar har Dnk avslutta høyringsrunden om den nye vigselsliturgien der den nye lære vert sementert. Kyrkjeblad  i ImF-område offentleggjer at fleire prestar vil følgje den nye liturgien, både for likekjønna og ulikekjønna par. Frå såkalla konservative sokn får eg fortvilte henvendingar frå bedehusfolk som på nært hald får erfare konsekvensane av kompromisset som vart gjort under siste Kyrkjemøte.

I denne situasjonen tek ein på seg eit veldig stort ansvar om ein ikkje kan seie noko meir enn at folk må verte ståande på sin post. I ImF-dokumentet har vi halde fram det som har vore signalet frå organisasjonen i mange år: «Vi fraråder sterkt at en går til gudstjenester eller møter der personer som forfekter liberalteologi skal forkynne eller forrette, og heller ikke bruke deres medvirkning andre steder». Likevel ser vi at bedehusfolk mange stader held fram med å slutte opp om gudstenester der bibeloppløysande lære ligg til grunn. Konsekvensen vert at surdeigen snart syrer heile deigen (jfr argumentasjonen i vårt dokument). I denne situasjonen kan vi ikkje understreke sterkt nok det misjonsstrategiske behovet for at ein byggjer heilskaplege og framtidsretta forsamlingar i Bedehusa våre.

Det er bra at vi kan ha ein open samtale og debatt om retning og vegval for misjonsorganisasjonane, men det er då mest interessant om ein kan førehalde seg til gjennomarbeida og offisielle dokument som forpliktar oss.

Dagens bibelord - Jes 55,8-13

8 For mine tanker er ikke deres tanker,
          og deres veier er ikke mine veier,
          sier Herren.
          
   
9 Som himmelen er høyt over jorden,
          slik er mine veier høyt over deres veier
          og mine tanker høyt over deres tanker.
          
   
10 For lik regn og snø
          som faller fra himmelen
          og ikke vender tilbake dit
          før de har vannet jorden,
          gjort den fruktbar og fått den til å spire,
          gitt såkorn til den som skal så,
          og brød til den som skal spise,
          
   
11 slik er mitt ord
          som går ut av min munn:
          Det vender ikke tomt tilbake til meg,
          men gjør det jeg vil
          og fullfører det jeg sender det til.
          
   
12 For med glede skal dere dra ut,
          i fred skal dere føres fram.
          Fjell og hauger bryter ut i jubel foran dere,
          alle trær på marken klapper i hendene.
          
   
13 I stedet for tornekratt
          skal det vokse sypresser,
          i stedet for nesler
          skal det vokse myrt.
          Slik skal Herren få et navn,
          et evig tegn som aldri slettes ut.

Jes 55,8-13
 For mine tanker er ikke deres tanker,
          og deres veier er ikke mine veier,
          sier Herren.
          
   
Les mer