Dommen og tårene

Postet: 10. desember 2016  

Det er ikkje til å undrast over at det har kome opp ein debatt i kristen dagspresse denne hausten om «livets to utgonger». Når ImF i sin uttale om kyrkjesituasjonen ikkje nemnde samlivsetikk med eit ord, var det for å understreke eit sentralt poeng: Når Bibelens autoritet vert broten ned, er det i prinsippet ingen grenser for kva ein kan så tvil om av sentrale bibelske sanningar. Forrige nummer av Sambåndet kasta lys over dette med sitt fokus på forsoningslæra, og vi bør ikkje verte overraska over kva nye utslag eit liberalt skriftsyn vil få.

Kva har hendt i spørsmålet om frelse og fortaping? Den svenske misjonsteologen Agne Norlander har sagt dette: «Først unnviker man å snakke om et teologisk lærespørsmål. Når man har gjort det tilstrekkelig lenge, begynner man å fornekte. Det er dette som har skjedd i forhold til spørsmålet om livets to utganger. Men dermed forsvinner også en vesentlig motivasjon bak all misjonsvirksomhet» (Agenda 3,16 – januar 2005). Vi trur dette er ei rett skildring. Etter ei tid der det kanskje var for einsidig fokus på fortapinga sin realitet, har dette tema vorte lite framme i forkynninga, og dermed er ein no kome over i fornektinga.

Ved sida av at Bibelen talar tydeleg om den evige konsekvensen av å forkaste Guds veg til frelse, bør vi også peike på den «sjelesørgeriske» sida av dommen. Mange menneske lever under ufatteleg smerte, urettferd og undertrykking, og for desse har Bibelen ein bodskap om at Gud ein dag skal bringe alt fram i sin rettferdige dom: «Hemna dykk ikkje sjølve, mine kjære, men gjev rom for vreiden. For det står skrive: Hemnen høyrer meg til, eg vil gje attergjeld, seier Herren» (Rom 12:19). Vi skal kjempe for rettferd, og Ikkje noko menneske skal la seg trakke på, men samtidig vil ikkje alt verte rettferdig i denne verda. Her skal vi leve i tillit til at Guds ein dag skal døme.

Så vil vi minne om at denne sida av Bibelens bodskap må løftast fram med det same sinnelag som kjem til uttrykk hos Paulus: «For som eg ofte har sagt dykk, og no atter seier med tårer: Mange ferdast som fiendar av Kristi kross.  Dei endar i fortapinga ….» (Fil 3:18f). Dette seier noko om den nød for sjelene som er drivkrafta i hans misjonsteneste, og det er det same sinnelag som pregar Jesus Kristus når han ser ut over Jerusalem og gret over byen. Ingen harde og lettvinte ord må falle når vi talar om dommen, men samtidig må Ordet må få lyde også om dette.

Dagens bibelord - Matt 7,1-5

1 Døm ikke, for at dere ikke skal bli dømt! 2 Etter dommen dere dømmer med, skal dere selv få dom, og i samme mål som dere selv måler opp med, skal det også måles opp til dere.
   
3 Hvorfor ser du flisen i din brors øye, men bjelken i ditt eget øye legger du ikke merke til? 4 Eller hvordan kan du si til din bror: ‘La meg ta flisen ut av øyet ditt’ når det er en bjelke i ditt eget øye? 5 Din hykler! Ta først bjelken ut av ditt eget øye! Da vil du se klart nok til å ta flisen ut av øyet til din bror.

Matt 7,1-5
 Døm ikke, for at dere ikke skal bli dømt!
Les mer