No må misjonsfolket satse på leiarane sine

Postet: 18. februar 2017  

Måten vi omtalar det frie lekmannsarbeidet på, seier noko om kva status vi gjev det. Kva verdisett gir vi til kjenne dersom mesteparten av praten og tida vår handlar om arbeid, næringsliv, politikk, idrett, osb, medan misjonsarbeidet kjem langt nede på lista? Den dagen vi står heime hos Gud, vil vi sjå kva som var den rette prioriteringa, men det er her og no vi lever vår liv og skal gjere dei rette vala.

Vi meiner generelt sett at leiarane på Bedehuset i alt for stor grad har vore «stemoderleg» behandla. Leiarverv har i stor grad gått på rundgang etter dugnadsprinsippet. Unntaket er gjerne barne- og ungdomsarbeidet, for mange er takksame for den innsats som vert gjort for den oppveksande slekt, men også her må vi stille spørsmål med kva som vert gjort for at leiarar skal stå i teneste over mange år.

Vi vel leiarar i våre demokratiske organ, og slik vil vi det skal vere; alle som er engasjerte i misjonsarbeidet skal oppleve at ein har reell sjans til å påverke kven vi har som leiarar i arbeidet. Når så eit leiarskap er vald, har vi plikt til å løfte dette leiarskapet i bøn, oppmuntring, og ikkje minst måten vi omtalar det på. «Ver lydige mot leiarane dykkar og rett dykk etter dei. For dei vaker over sjelene dykkar, og skal gjera rekneskap for det. Sjå til at dei kan gjera det med glede og utan sukk, for elles vil det ikkje vera til gagn for dykk» (Heb 13:17).

Det er eit felles ansvar at leiarane kan stå i si teneste «med glede og utan sukk». Vi er komen til ei tid der det lokale og regionale forsamlingsarbeidet må ta på seg nye oppgåver, og derfor må det satsast på utrustning av leiarskap som aldri før. Vi vil ikkje vere talsmenn for å «profesjonalisere» lekmannsarbeidet ved at det meste skal gjerast ved løna arbeid, men vi kan heller ikkje sjå at det er rett at ein tek det for gitt at nokon over lang tid skal bruke det meste av si fritid på misjonsarbeid.

Derfor må alle medlemer i indre- og ytremisjonsarbeid stille seg nokre spørsmål: Korleis kan eg bidra til at mine leiarar kjenner seg verdsett med den statusen som eg meiner dei fortener? Bør nokon få tilbod om 10-20% løn for å kunne arbeide med forkynning og rettleiing? Bør ikkje leiarar få reise på kompetansehevande kurs og leiarsamlingar utan at dei må ta det av eiga lomme? Er det på tide å gå på døra med ein blome?

Det er ikkje leiarane som skal be om dette. Det er ditt ansvar å vere med og byggje leiarskap.

Dagens bibelord - Åp 21,1-7

1 Og jeg så en ny himmel og en ny jord. For den første himmel og den første jord var borte, og havet fantes ikke mer. 2 Og jeg så den hellige byen, det nye Jerusalem, stige ned fra himmelen, fra Gud, gjort i stand og pyntet som en brud for sin brudgom. 3 Og jeg hørte fra tronen en høy røst som sa:
          «Se, Guds bolig er hos menneskene.
           Han skal bo hos dem,
           og de skal være hans folk,
          og Gud selv skal være hos dem.
           Han skal være deres Gud.
          
   
4  Han skal tørke bort hver tåre fra deres øyne,
          og døden skal ikke være mer,
          heller ikke sorg eller skrik eller smerte.
          For det som en gang var, er borte.»
5 Han som sitter på tronen, sa: «Se, jeg gjør alle ting nye.» Og han la til: «Skriv det ned, for dette er troverdige og sanne ord.» 6 Så sa han til meg: «Det er skjedd! Jeg er Alfa og Omega, begynnelsen og enden. Jeg vil gi den tørste å drikke av kilden med livets vann som gave. 7 Den som seirer, skal få dette i arv, og jeg vil være hans Gud, og han skal være min sønn.

Åp 21,1-7
 Og jeg så en ny himmel og en ny jord. For den første himmel og den første jord var borte, og havet fantes ikke mer.
Les mer