ImF Trossamfunn
![]() |
ImF Trossamfunn Søre Bildøy 5353 STRAUME Telefon: 56314240. |
Fakta om ImF Trossamfunn:
- ein del av Indremisjonsforbundet (ImF) som er ein evangelisk-luthersk misjonsorganisasjon med sentraladministrasjon på Bildøy og med krinsar, byforsamlingar og foreiningar ulike stader i Noreg.
- vart oppretta av ImF’s styre den 5.september 2009, basert på vedtak under ImF si generalforsamling i juli 2009.
- vart offisielt registrert den 4.november 2009.
- er eit formelt tilbod til dei som ønskjer å vere kyrkjerettsleg registrert, og som ikkje ønskjer å vere det gjennom andre kyrkjesamfunn.
- driv i samsvar med ImF sitt evangelisk lutherske grunnsyn og organisasjonen sine prinsipp.
- har eit eige styre (samansetning finn du her).
- har offentleg registrerte forstandarar som har avgitt erklæring om å føre medlemsregister og elles forvalte trussamfunnet sine plikter. Liste over forstandardar finn du her.
