Utdrag frå «Lov om trudomssamfunn og ymist anna.»

For å svare på ein del vanlege spørsmål, har vi her henta nokre relevante paragrafar frå lovteksten per 27.november 2009. Komplett lovtekst på http://www.lovdata.no/all/hl-19690613-025.html

§ 3. Den som er over 15 år, kan melda seg inn i eller ut or trudomssamfunn.

§ 5. Barn som vert født medan foreldra er gifte, høyrer til same trudomssamfunnet som foreldra.

Høyrer foreldra til ulike trudomssamfunn utanfor Den norske kyrkja, avgjer dei saman etter at barnet er født, om det skal høyra til eit trudomssamfunn, og i tilfelle kva for eit samfunn.

Er foreldra ikkje gifte når barnet vert født, høyrer det til same trudomssamfunnet som mora.

§ 6. Foreldre som ikkje båe høyrer til Den norske kyrkja, kan saman melde barnet sitt inn i eller ut or trudomssamfunn, så lenge barnet er under 15 år.

Når berre ein av foreldra har foreldreansvaret, kan han eller ho taka slik avgjerd åleine.

Har ingen foreldreansvaret for barnet, kan verja melda barnet inn i eller ut or trudomssamfunn.

Når barnet er 12 år eller meir, skal det få seia si mening om innmelding eller utmelding, om det let seg gjera.

§ 7. Den som ikkje er norsk riksborgar og heller ikkje har bustad i riket, vert ikkje rekna for å høyra til norsk trudomssamfunn etter denne lov. Ingen kan høyra til eit trudomssamfunn utan han dessutan fyller dei vilkåra som trudomssamfunnet set.

§ 8. Ingen kan etter denne lov samstundes høyra til registerført trudomssamfunn og Den norske kyrkja, eller meir enn eitt registerført trudomssamfunn.

§ 9. Trudomssamfunnet fastset sjølv kva måte innmelding i samfunnet skal gjerast på.

Den som vil melda seg ut or registerført trudomssamfunn eller or Den norske kyrkja, må anten møta fram sjølv eller senda skriftleg melding til presten eller forstandaren.

Presten eller forstandaren ser til at vilkåra etter lova er oppfylde. Han skal bokføra innmeldingar og utmeldingar og gjeva vitnemål om dei.

§ 10. Ingen må nytta usømelege overtydingsgrunnar, lovnader eller trugsmål eller gå fram på onnor misleg vis med føremål å få nokon til å gå inn i eller ut or trudomssamfunn.

§ 11. Føresegnene i dette kapitlet skal og gjelda om det å høyra til Den norske kyrkja, når ikkje anna er sagt i denne lova eller i serskild lov for Den norske kyrkja.