Blogg: Paulus og «det norske»

Postet: 2. februar 2013  Emner: , , , , ,   

Kva er det norske? Spørsmålet er tema for Laurdagsintervjuet i Stavanger Aftenblad 2. februar (i skrivande stund ikkje lagt ut på internett). Som mange nok vil kjenna til, har det på nyåret vore ein intens debatt om kva som er norsk kultur. I dette intervjuet er det professor emeritus i sosiologi ved Universitetet i Olso, Sigurd Skirbekk, som blir utfordra til å svara.

Eg synest deler av svaret hans er særs interessante, fordi det slår på bibelske strengjer.  Sitat frå Skirbekk: «Det norske flagget er ein syntese av det kristne korset og revolusjonsfargane i den franske trikoloren. Det er eit genialt symbol for ein ganske eineståande demokratisk kultur. I folkeeventyra våre er det Askeladden som er helten, ikkje prinsen. Den lesande bonden og haugianaren er sentrale figurar i vår historie, opplyste småkårsfolk som gjorde at overklassen kunne gi frå seg privilegium utan å frykta for liv og helse.»

Og så kjem det viktigaste i Skirbekk si tankerekkje: «Resultatet av dette er at det norske samfunnet, til dels saman med dei andre skandinaviske landa, er prega av mindre forskjellar og større tillit mellom samfunnsmedlemmene. Kanskje også som ein del av vår protestantiske arv er nordmenn indrestyrte, av samvit og skuld, medan menneska i andre kulturar i større grad er styrte av ytre grenser, til dels også av skam- og æresomgrep.» Sitat slutt.

Den delen eg har utheva fekk meg til å tenkja på Romarbrevet kapittel 2, vers 14-15. Og nå siterer eg frå min bruksbibel, 1988-omsetjinga på bokmål: «For når hedninger, som ikke har loven, av naturen gjør det loven byder, da er disse, som ikke har loven, seg selv en lov. De viser at den gjerning loven krever, er skrevet i deres hjerter. Om det vitner også deres samvittighet og deres tanker, som innbyrdes anklager dem eller også forsvarer dem -«.

Først nokre ord til klargjering: Heidningar står her for alle fok som ikkje nedstammar frå Abraham, altså som ikkje er jødar. Lova det er tale om, er Moselova. Og den har altså ikkje heidningane, skriv Paulus (sjå Salme 147, 19-20).

Kva handlar denne delen av Romarbrevet (kap. 1,18-3,23) om? Paulus grunngjev evangeliet; menneskeslekta har behov for den rettferda som evangeliet kjem med tilbod om, anten dei høyrer til jødane, som har lova, eller heidningane, som ikkje har lova (Rom.2,12). Også heidningane har ei medfødd norm å leva etter – dei er seg bevisst forskjellen på rett og urett, sannhet og løgn, godt og vondt. Derfor kan heller ikkje heidningane skjula seg bak at dei ikkje veit. Også dei som ikkje har erkjent at Gud er til, må erkjenna at dei er drevne av lovar i sitt indre, ei norm som dei ikkje har greid å leva etter. I tankane sine set menneske seg til doms over seg sjøv, gjennom samvitet, og anten anklagar eller forsvarar handlemåten sin.

Eg veit ikkje om professor Sigurd Skirbekk hadde noko av dette i tankane då han i avisintervjuet snakka om at nordmenn er «indrestyrte, av samvit og skuld». Men i uttrykket «vår protestantiske arv» må det mellom anna liggja at nordmenn, meir enn mange andre folk, har fått høyra evangeliet om ei rettferd utanfor seg sjølv. Om at Gud har skapt «ett nytt mennske» (Efes.2,11-18) gjennom Jesu frelsesverk, og at dette nye mennesket er Guds menighet. Her er trua på Jesus utgangspunktet, og tilbodet gjeld for alle, både jødar og heidningar.

Dagens bibelord - Matt 7,12-14

12 Alt dere vil at andre skal gjøre mot dere, det skal også dere gjøre mot dem. For dette er loven og profetene. 13 Gå inn gjennom den trange porten! For vid er porten og bred er veien som fører til fortapelsen, og mange er de som går inn gjennom den. 14 Men trang er den porten og smal er den veien som fører til livet, og få er de som finner den.

Matt 7,12-14
 Alt dere vil at andre skal gjøre mot dere, det skal også dere gjøre mot dem. For dette er loven og profetene.
Les mer