Kjærleik - ei viljestyrt handling. av Jon Walker (he) til norsk ved Hallvard Emblemsvåg
"Eit nytt bod gjev eg dykk: De skal elska kvarandre! Liksom eg har elska dykk, skal de elska kvarandre." (Joh. 13:34)
Fellesskap
– Kjærleik har med din vilje å gjere
Der er rom for mykje romanse i Guds verden, men den bleiknar samanlikna med korleis kjærleikens Gud ofra for å bringe deg inn i einskap med Han.
Den store "elskaren", den allmektige Gud, seier at vi må velje å elske kvarandre. Vi skal elske andre truande uavhengig av korleis vi føler for dei, eller kor ukjærlege dei måtte verke.
Same kor vanskeleg det kan opplevast, skal vi aktivt, vedvarande og djupt elske dei truande som Gud bringer inn i vårt liv, - vår forsamling – og vår smågruppe.
Å elske er eit bod; - når vi bestemmer oss for å elske, utførar vi ei handling i lydnad. Gud ser på det å elske kvarandre som så viktig at han har fortalt oss at vi må gjere det. ( Joh. 4:21) Det er ei så viktig undervisning at apostelen Johannes vedvarande beskriv kjærleik og lydnad som synonyme: Dersom du elskar Jesus, vil du lyde boda hans. (Joh. 14:15, 23-24; 15:12, 14, 17; 1 Joh 2:3; 5:3; 2 Joh. 1:6).
Kvifor er lydnad knytta til kjærleik?
Fordi det reflekterar einskap mellom truande, - andeleg einskap som er grunnlaget for vår einskap med Gud, eit naudsynt element for all sann og salva teneste: "For dette er den bodskapen de høyrde frå begynnelsen, at vi skal elska kvarandre." (1 Joh 3:11)
Kristus knuser myten om at kjærleik er basert på følelsar. Han skyv definisjonen av kjærleik til eit høgare nivå – der framferd og tru kombinerast til ei gudlik handling. Kjærleik er ikkje lenger ein ungdomsromanse eller ein relasjon diktert av kompatibilitet. Ekte kjærleik er heller– og har alltid vore – ei mor som snublar mot barnet si seng for femte gong på ei natt, eller ein passasjer som gjev opp plassen sin i ein livbåt for å redde ein annan frå eit synkande skip. Kjærleik er Kristus på krossen, døyande for oss – medan vi enno var fortapt i vår synd. (Romans 5:8)
Jesus forventar at vi ser på andre menneske som svært verdifulle born av Gud, vel verd vår tid, merksemd og energi. Som medlemmar av Guds familie, må vi velge å elske, ikkje selektivt velje kven vi vil elske.
Kjærleik krev fellesskap. Vi kan ikkje lyde Kristus sine bod i isolasjon. Vi må vere saman med andre truande for å kunne "elske kvarandre". Å vere saman med andre kristne tvingar oss til å leggje av våre "relasjons fantasiar," der alle vi kjenner er lette å vere saman med og alle konfliktar er løyste i lukkelege kompromiss.
Gud skapte kvar einskild av oss forskjellig, og han veit at vi har med oss ulike perspektiv og behov inn i eit fellesskap. Det som smertar oss, vanar og nykkar som er til stades i ei gruppe truande, skaper potensiale for konflikt., men Gud brukar bevisst slike konfliktar til å hjelpe oss å vokse i Kristus.
Kva så ?
Kjærleiken har ein høg standard
- Jesus seier at vi skal vere for kvarandre det han er for oss. Kristi kjærleik er usjølvisk, offervillig, og overgjeven til Guds vilje. Hans standard av kjærleik er personleg, rekk ut til den som ikkje fortener det, ser bakom tidlegare fall og inn i hjartet sine desperate behov..
I tillit til Guds nåde, kan du begynne å bevege deg mot denne standarden.
Du kan ikkje leve opp til denne standarden –
Guds standard er så høg at vi kan berre nærme oss den ved å stole på Jesu ande inne i oss. For å parafrasere over Galaterane 2:20: "Det er ikkje lenger eg som elskar, men Kristus elskar i meg. Og denne ukjærlege personen som eg no elskar, elskar eg i trua på Guds son, han som elska denne ukjærlege først, og gav seg sjølv for han,- han som eg ukorrekt har sett på som ein som ikkje fortener min kjærleik."
Kjærleik er meir enn eit minimum –
vår kjærleik skal ikkje målast ved eit minimum av kva vi kan gjere, heller ikkje skal den begrensast til dei som vi meinar fortener det.
Vår standard for ekte kjærleik er at Gud "… elska oss og sende sin Son til soning for alle våre synder ….. sidan Gud elska oss så høgt, så skuldar vi å elske kvarandre." (1 Joh. 4:10-11.)
Korleis vil dine relasjonar til andre truande forandre seg dersom du begynner å elske dei med Kristi standard ?