Lovbestemt etikk

Postet: 14. februar 2012  

Eg kvapp til då eg slumrande lytta til nyheitene i dag tidleg.
Gjer som vi seier eller skaff deg ein annan jobb.

Det var essensen i bodskapen frå statssekretær Robin Kåss (Ap) i Helse- og omsorgsdepartementet. Adressa hans var alle landets legar som protesterer mot den siste tids etiske einsretting frå departementet. 

For eit av dei store tema denne veka har vore rundskrivet frå departementet om fastlegar og abort. I alle år har legane hatt ein uskriven rett til å reservera seg mot å tilvisa til abort – av samvitsgrunnar. Retten er ikkje heimla i lov slik den er for gynekologar og kirurgisk personell, men praksisen har likevel vore ein stillteiande aksept om at abortspørsmålet er eit krevjande spørsmål med mykje smerte og få enkle svar – også for legen som ikkje deltek under sjølve inngrepet.  

No er det slutt. Og reaksjonane har vore sterke. Ein av dei kunne vi lesa i kronikken til Edvin Schei og Eivind Meland, fastlegar og professorar i allmennmedisin. Dei har begge to tvila seg fram til eit ja, men slåss for sine kollegars rett til å seia nei.

Difor overraskar dagens utspel.
Har ikkje departement lytta ein millimeter til desse og andre sine innvendingar?

Robin Kåss prøver seg på eit resonnement: ”– Hvis man er pasifist, kan man ikke jobbe som politi. Hvis man nekter å gi blodoverføring, kan man ikke være kirurg.” Dermed har han også vist at han ikkje har forstått legane sitt dilemma.

Kirurgi og blod er to sider av same sak. Politiet er ei ordensmakt med rett til å bruka makt til å utføra si teneste. Men desse legane som ynskjer å reservera seg, peikar på at abort er for dei det same som å ta liv – den rake motsetning til legeyrkets grunntanke om å berga liv.
Det handlar altså ikkje om at dei har hamna i feil jobb eller at dei ikkje likar nokre av oppgåvene, men at denne konkrete oppgåva som dei ber om fritak for, djupast sett kolliderer med heile grunntanken i legeyrket.

Storringsrepresentant og lege Kjersti Toppe frå Sp har skjønt noko av dette.
– Legene er helt klar på at pasientene skal få det de har rett på ifølge norsk lov, men de ber om en rett til å la andre de samarbeider med utføre noen oppgaver, seier ho til Vårt Land.

Ho vil likevel ikkje gje nokon blankofullmakt eller fritaksrett. Det kan gi problem dersom forholda er for små til å finna praktiske løysingar. Men som ho seier: – En klarer ikke å få disse legene til å tenke på en annen måte, dette vil være en samvittighetssak for dem. Det eneste alternativet er å slutte, og da har vi god råd her i landet.

Ap og Kåss sin logikk er derimot annleis. Fordi noko er vedtatt ved lov, er alle etiske problem definert vekk – for legane.

For også Kåss erkjenner at abort kan vera eit vanskeleg val. Det er nettopp difor legane ikkje skal ha dette samvitsvalet dei har hatt fordi det då vert endå vanskelegare for kvinnene.

I det lyset ynskjer eg meg eit nytt rundskriv frå departementet. Denne gong med ei helsing til dei legar som frimodig argumenterer for abort som beste løysinga – ofte utan å lytta til kvinna som sit med det tunge valet.
For er ei slik tilråing ein betre måte å møta usikre kvinner på enn samvits-legane sitt forsøk på å finna ein farbar veg for alle partar i eit vanskeleg terreng?

PS: Anbefaler også kronikken til Asbjørn Kristoffersen i BT: Mørkemannsjakt i helsevesenet

Dagens bibelord - Joh 16,16-22

16 Om en liten stund ser dere meg ikke lenger, men om en liten stund igjen skal dere se meg.» 17 Da sa noen av disiplene hans til hverandre: «Hva mener han med å si: ‘Om en liten stund ser dere meg ikke lenger, men om en liten stund igjen skal dere se meg’ og: ‘Jeg går til Far’? 18 Hva mener han med ‘om en liten stund’? Vi skjønner ikke hva han snakker om.» 19 Jesus visste at de ville spørre ham, og han sa: «Snakker dere om det jeg sa: ‘Om en liten stund ser dere meg ikke lenger, men om en liten stund igjen skal dere se meg’? 20 Sannelig, sannelig, jeg sier dere: Dere skal gråte og klage, men verden skal glede seg. Dere skal sørge, men sorgen skal bli forvandlet til glede. 21 Når en kvinne skal føde, er hun engstelig, for hennes time er kommet. Men når barnet er født, har hun glemt smertene i sin glede over at et menneske er kommet til verden. 22 Også dere er engstelige nå. Men jeg skal se dere igjen, og hjertet deres skal glede seg, og ingen skal ta gleden fra dere.
   

Joh 16,16-22
 Om en liten stund ser dere meg ikke lenger, men om en liten stund igjen skal dere se meg.»
Les mer