Kvar er dei som døyr i trua på Kristus?

Postet: 25. oktober 2012  

I sommar las eg ei bok som heiter «Himmelen er på ornt’lig», fordi eg høyrde om mange kristne som var begeistra for den. Boka handlar om ein gut på 4 år som overlever ein kritisk operasjon, og som ei tid etter fortel foreldra sine om at han under operasjonen var ute av kroppen og i Himmelen med Jesus. Han skildrar alt som er der, og det er ei fascinerande historie. Boka er tydeleg på korleis eit menneske vert frelst, og om kristne får meir himmellengt og leser meir i Bibelen etter å ha lest ei slik bøker, er det positivt. Utfordringa kjem når vi skal førehalde oss til fleire slike vitnemål der opplysningane til dels er sterkt motstridande. Derfor må «Skrifta åleine» forme vår tanke også om livet etter døden.

Eg trur ikkje Herren vil at vi skal vere i tvil om kva som hender med dei som døyr i trua på Kristus i denne tida, for vi har tydelege skriftord som seier noko om det. 2.Kor 5:6-8 «Difor er vi alltid frimodige, endå vi veit at så lenge vi er heime i lekamen, er vi borte frå Herren. For vi ferdast i tru, ikkje i syn. Såleis er vi frimodige, og vil heller vera borte frå lekamen og heime hos Herren.»

Fil 1:23-24 «Eg har lyst til å fara herifrå og vera saman med Kristus, for det er så mykje, mykje betre. Men av omsyn til dykk er det meir nødvendig at eg vert verande i kjøtet.»

Den som trur på Jesus Kristus er enten heime i kroppen og fysisk borte frå Herren, eller han er borte frå kroppen og heime hos Herren. Bibelen seier ikkje noko om ein «mellomtilstand» (skjærsilden eller purgatoriet) som nokre held fram. Nei, når den som trur på Kristus døyr, forlet han kroppen for å vere med Kristus, heime hos Herren.

I teksten om den rike mann og Lasarus (Luk 16:19ff) finn vi uttrykket «Abrahams fang», og til røvaren på korset sa Jesus at han i dag skulle vere med han til Paradis. Og Paulus skriv også om at han rykt inn i Paradis og i den tredje Himmel, som om det var same staden. Ingen bør bli forvirra om dei truande sin himmelske stad som Bibelen skildrar har ulike namn. Dei som døyr i Herren er i Abrahams fang, dei er under kvile og beskyttelse i Paradis, dei er heime hos Herren i Himmelen, dei er med Kristus. Ulike namn på same stad.

«Den som trur på Jesus Kristus er enten heime i kroppen og fysisk borte frå Herren, eller han er borte frå kroppen og heime hos Herren.»

 

Dei som døyr i trua på Jesus er heime hos Jesus. Og kvar er så Jesus i dag? Når vi les slutten av Lukas-evangeliet og Markus-evangeliet og starten av Apostelgjerningane, så ser vi at Jesus for opp til Himmelen då han forlet jorda, og han sette seg ved Faderens høgre hand. Det seier også Jesus til Johannes på Patmos (Op.3:21) og før Stefanus døydde såg han Jesus ved Guds høgra hand.

Jo, Jesus er i Himmelen, og han har ei sterk og inderleg bøn i si øvsteprestlege bøn i Joh 17:24 «Far, eg vil at dei som du har gjeve meg, skal vera hjå meg der eg er, så dei kan sjå herlegdomen min, som du har gjeve meg, av di du elska meg før verda vart grunnlagd

Kva lærer Bibelen om Himmelen?

Jesus sa til sine disiplar: «Lat ikkje hjartet dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg! I huset til Far min er det mange rom. Var det ikkje slik, hadde eg då sagt dykk at eg går og vil gjera klar ein stad til dykk? Og når eg har gått og gjort klar ein stad til dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er.» (Joh. 14:1-3)

Eg kan ikkje utelukke at Gud gjev enkeltmenneske et subjektivt glimt av den noverande tilstand for dei som har døydd i Kristus, men ein ting kjenner eg meg sikker på ut frå Bibelen: Det er ingen som enno har sett den fullkomne staden, for Jesus seier jo her at han held på med å lage ein stad for oss (Joh. 14). Og den same Johannes seier: «Mine kjære, no er vi Guds born, og det er enno ikkje openberra kva vi skal bli. Vi veit at når han openberrar seg, skal vi bli like han, for vi skal sjå han som han er» (1.Joh 3:2)

Bibelen talar om Himmelen, men den talar også om himlane, lufthimmelen og stjernehimmelen. Himlane skal forgå seier Jesus, men Himmelen skal aldri forgå, for den er Guds bustad og vårt heimland. Heb 9:24 «For Kristus gjekk ikkje inn i ein heilagdom som var gjord med hender og berre er eit bilete av den sanne heilagdomen. Han gjekk inn i sjølve himmelen, der han no openberrar seg for Guds åsyn for vår skuld

«Det er ingen som enno har sett den fullkomne staden, for Jesus seier jo her at han held på med å lage ein stad for oss»

Bibelen talar om Himmelen som staden som ein konkret stad som skal vere evig, den stad som har dei faste grunnvollane, eit rike som ikkje kan rikkast, staden der Jesus er. Jesus sa at han drog bort for å gjere i stand ein stad for oss. Og den staden vert framstilt som ein fullkomen harmonisk og nydeleg stad. Når vi les Op 21 og 22 får vi inntrykk av at Johannes ikkje kan finne ord og jordiske bilde som rett kan forklare kva Gud viste han då han såg den heilage staden, det nye Jerusalem.

Vi får skildra alt det Himmelen ikkje er, nemleg alt det vi plagast med her i denne verda av sjukdom, savn, øydelegging, vondskap. Gud gjer alle ting nye, og alt og alle er gjennomtrengd av Guds kjærleik. Den vondskapen og egoismen som den rike mannen representerte, og synda som øydelegg jorda, er for evig borte.

Vi skal møte igjen og kjenne våre kjære som har gått foran. Vi skal sitte til bords med Abraham, Isak og Jakob i det fullkomne rike. Etter å ha nemnt dei finaste og mest kostbare skattane som vi kjenner i denne verda, så seier Johannes at byen har Guds herlegdom. Tenk det! Det må vere ubeskriveleg vakkert. «Byen treng ikkje lys frå sola eller månen. For Guds herlegdom lyser i byen, og Lammet er lyset i han.» (Op.21:23). Ja, kom Herre Jesus.

Dagens bibelord - Rom 6,14-23

14 Synden skal ikke herske over dere, for dere står ikke under loven, men under nåden.
   
15 Hva så? Skal vi synde fordi vi ikke er under loven, men under nåden? Slett ikke! 16 Vet dere ikke at når dere går i tjeneste hos noen og adlyder ham, da blir dere hans slaver? Dere blir enten slaver under synden, og det fører til død, eller slaver under lydigheten, og det fører til rettferdighet. 17 Men Gud være takk! Dere som før var syndens slaver, er nå av hjertet blitt lydige mot den lære som dere ble overgitt til. 18 Dere ble satt fri fra synden og er blitt slaver for det som er rett – 19 jeg bruker et bilde fra dagliglivet fordi dere er svake, av kjøtt og blod. Før stilte dere lemmene deres til tjeneste for urenhet og urett, og det førte bare til mer urett. Men nå skal dere stille lemmene til tjeneste for det som er rett, så dere kan bli hellige. 20 Den gang dere var slaver under synden, var dere fri fra det som er rett. 21 Hva slags frukt høstet dere da? Slikt som dere nå skammer dere over, for det fører til død. 22 Men nå er dere frigjort fra synden og er blitt tjenere for Gud, og frukten er helliggjørelse, og det fører til evig liv. 23 Syndens lønn er døden, men Guds nådegave er evig liv i Kristus Jesus, vår Herre.

Rom 6,14-23
 Synden skal ikke herske over dere, for dere står ikke under loven, men under nåden.
   
Les mer