Trekker Gud seg tilbake?

Postet: 5. februar 2013  

Etter at boka til Ivar Fjeld vart lansert 29/1, har det kome sterke karakteristikkar av både forfattar, boka og dei som har uttalt seg. Lat oss no ta ballen. I boka påpeiker Fjeld kontakten mellom politiske ungdomsparti på venstresida i Norge og palestinske organisasjonar som støttar terror. Temaet er aktuelt og høgst legitimt å sette fokus på. Den einsidige støtta til palestinsk side i Midtausten-konflikten bidrar berre til å skape større avstand mellom partane. Både i politiske parti og i norske media herskar det ei naiv haldning til kva denne einsidige norske støtte vert brukt til, og dei udemokratiske og militante kreftene den nører opp under.

Problemet med Fjeld si bok er at debatten han prøver å reise vert lagt død i befolkninga generelt, på grunn av den innfallsvinkelen han vel. Eg vil tru at AUF si lefling med organisasjonar som er involvert i terror er eit kontinuerleg engasjement, ikkje berre knytta til ein sommarleir nokre dagar i året. Det same kan sikkert seiast om Raud Ungdom (som er nemnt i boka) og Sosialistisk Ungdom sin aktivitet. Likevel handlar så og seie heile boka om aktiviteten på Utøya, og når ein attpåtil vel «Den rødgrønne terrorøya» som boktittel, bør ein ikkje undrast over at mange oppfattar at det her vert ei kopling mellom tragedien 22/07/11 og denne aktiviteten. Alle Fjeld sine gode intensjonar druknar i dårleg vinkling, dessverre.

 

Åndelege konsekvensar

Boka tek ikkje opp åndelege konsekvensar, og det er bra at Ivar Fjeld ved lanseringa tek tydeleg avstand frå ideen om at angrepet på Utøya var straff frå Gud. Likevel vart eg bedt av Dagen sin journalist om å kommentere Fjeld sitt utsegn om at «vi mister den beskyttelsen vi ville hatt dersom vi følger Jesus» og at Gud trekker seg tilbake som ei følgje av avkristninga i Norge. Eg kan jo ikkje vite om Fjeld er sitert rett her, men sikkert er det i alle fall at fleire som har teke kontakt med meg støttar ei slik tenking. Gjengangaren er løftet til Abram i 1.Mos 12:3 («… den som forbannar deg, vil eg forbanna»), og fleire har støtt seg på det eg kallar «gamaltestamentleg tenking».  Dette handlar sjølvsagt ikkje om å gje GT ein lågare autoritet enn NT, for heile Bibelen er Guds inspirerte ord, men det handlar om faren for å blande paktene. Temaet er omfattande, men her er ein kortversjon:

 

Pakta med Israel

Då Gud valte ut Israel, var det som eit jordisk folk med jordiske velsigningar og forbanningar. I 5.Mosebok 28:1-2 kan vi lese: «Dersom du no høyrer på røysta åt Herren din Gud så du aktar vel på å halda alle boda hans, som eg gjev deg i dag, då skal Herren din Gud setja deg høgt over alle folka på jorda. Og alle desse velsigningane skal koma over deg og nå deg, så sant du høyrer på røysta åt Herren din Gud:» Og så kan vi lese at Gud lover velståande byar og landområde, alle menn, kvinner og husdyr skulle vere fruktbare, det skulle vere sikker avling på åkrane, godt ver, garantert siger i krig, immunitet mot sjukdom, osv. Men om dei var ulydige, skulle det verte stikk motsett. Slik kan vi lese at Israels historie vart også. Når dei var trufaste mot Herren, var det velstand og dei vann dei krigar og land. Då dei var trulause, var konsekvensen fattigdom og fangenskap.

 

Den nye pakt

I Lukas 4:16ff kan vi lese at Jesus sat i synagogen i Nasaret og las frå Jesaja-boka: «Herrens Ande er over meg, for han har salva meg til å forkynna evangeliet for fattige. Han har sendt meg for å forkynna for fangar at dei skal få fridom og for blinde at dei skal få syn, for å setja undertrykte fri,  og ropa ut eit nådeår frå Herren.» Jesus sette punktum der, midt i ei setning, og tok ikkje med «og ein dag med hemn frå vår Gud». Betyr det at Jesus avlyser Guds straff over synd? Nei, resten av profetien i Jesaja 61 skal oppfyllast, men Jesus og apostlane underviser oss om at dommen over vår synd skjedde på Golgata, og dommen over dei som forkastar Guds frelse skal skje framfor den store kvite trone (Op.20:11). Personleg trur eg også at heidningefolka skal stå til ansvar for korleis dei har vore mot det jødiske folk (Joel 3:6ff og Matt 25:31ff) og profetien i 1.Mos.27:29 skal oppfyllast.

 

Den nye pakt, «nådens år», er ei åndeleg pakt, der Guds forsamling er velsigna med all åndeleg velsigning i Himmelen i Kristus Jesus. Herren «har gjeve oss alt som tener til liv og gudsfrykt» (2.Pet 1:3), men han aldri sagt at han vil gje oss materiell framgang eller gjere oss rike og friske. Aldri. Dei som lover slikt, blandar inn dei jordiske løfta til Israel. Etter mitt syn står vi i fare å gjere den same blandinga om vi dyrkar tanken om at Gud no sender straffedommar over enkeltmenneske, folkeslag eller nasjonar som lever ugudeleg eller er imot Israel.

 

Velsigning og forbanning i dag

Både bibelsk og sjelesørgerisk vert  tematikken vanskeleg, for dei fleste som opplever liding vil spørje etter ei årsak. Andre land opplever terror, vald og naturkatastrofer i eit mykje større omfang enn Norge. Skal det tolkast som uttrykk for Guds straff generelt, eller motarbeiding av Israel spesielt? Svolt rammar millionar i Afrika, og mange av dei som vert ramma er kristne. Det vert meningslaust å påstå at disse vert straffa av Gud for feilaktige avgjersler som styresmaktene tek. I Lukas 13:1ff avviser Jesus samanhengen mellom ulukke og synd, men rettar samstundes fokus til domen i framtida. Det er også vår oppgåve.

 

Betyr dette at Gud ikkje kan straffe i vår tid? Sjølvsagt kan Han det, for Gud er suveren. Tempelet og Jerusalem vart øydelagt (jfr Luk 21) og Ananias, og Saffira fall døde om (Apg.5), men dette var profetert eller hende i ein kontekst der det ikkje var tvil om at Gud handla. Eg trur at dersom Gud sendte ein straffedom over folk, ville Han gjort det med ei tydeleg adresse, ikkje la oss henfalle til spekulasjonar om det var Gud som stod bak eller ikkje. Gud bur i dei truande ved sin Ande, og Han trekk seg ikkje tilbake før den siste av Guds folk trekk seg tilbake.

Dagens bibelord - Apg 2,42-47

42 De holdt seg trofast til apostlenes lære og fellesskapet, til brødsbrytelsen og bønnene. 43 Hver og en ble grepet av ærefrykt, og mange under og tegn ble gjort av apostlene. 44 Alle de troende holdt sammen og hadde alt felles. 45 De solgte eiendommene sine og det de ellers eide, og delte ut til alle etter som hver enkelt trengte det. 46 Hver dag holdt de trofast sammen på tempelplassen, og i hjemmene brøt de brødet og spiste sammen med oppriktig og hjertelig glede. 47 De sang og lovpriste Gud og var godt likt av hele folket. Og hver dag la Herren til nye som lot seg frelse.

Apg 2,42-47
 De holdt seg trofast til apostlenes lære og fellesskapet, til brødsbrytelsen og bønnene.
Les mer