Har vi mista synet frå Patmos?

Postet: 4. januar 2015  

 

Dette var tema for ei av samlingane under Indremisjonsforbundet sitt årlege arbeidarmøte på Bildøy no i helga. Tema for bibeltimane var rettferdiggjeringa, heilaggjeringa, og forløysinga i Kristus – heilt sentrale tema i vår kristne tru. I eit tid då vi er opptekne av å synleggjere einskapen med kristne søsken i ulike leirar, i tillegg til å byggje bru over ulike kulturuttrykk mellom generasjonane i våre eigne forsamlingar, er det ikkje minst viktig å blankpusse dei sanningar som har forma ei slitesterk tru gjennom hundrevis av år.

Rettferdiggjering er ei domsakt frå Gud over ein angrande syndar som ved tru og tillit ser at Jesu fullkomne offer på Golgata er vårt einaste håp for fred med Gud. Då erklærer Gud ved sin nåde syndaren til å vere i Kristus, skjult i hans fullkomne liv. «For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve.  Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal skryta av seg sjølv» (Ef 2:8-9).

 

Eit rettferdig menneske vil fram til forløysinga sin dag ha to naturar, det gamle og det nye menneske. Ein kristen skal sleppe å vente noko godt frå det gamle mennesket, men likevel vert levande kristne ofte skuffa over seg sjølve fordi vi trur vi er betre enn vi er. Nei, ein kristen skal vente på alt godt frå Jesus. Ved sitt ord og ved sin ande kan Gud skape noko nytt ved at det nye menneske får åndeleg næring til å leve eit heilagt liv. «For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud på førehand har lagt ferdige så vi skulle vandra i dei» (Ef 2:10).

 

Blandar vi saman Guds rettferdiggjering over oss med Guds heilaggjering i oss, former vi moderne disiplar som lever eit liv i lovtrældom. Dersom fokuset for vårt kristenliv berre vert kva vi skal gjere for Gud, ikkje kva Gud har gjort og gjer for oss, vandrar vi snart i eigne gjerningar og kraft.

 

Då Johannes fekk si openberring på øya Patmos, var dette kjerna også i Jesu bodskap til dei ulike forsamlingane rundt omkring. Den som sigrar er den som har halde fast på Guds ord, og ikkje fornekta hans namn. Jesus står for døra og bankar, og om nokon høyrer hans røyst og opnar døra, så vil han gå inn til han og halda måltid. Ved det bordet kan vi sette fram våre synder, og han kan dekke på med sin nåde som tek syndene bort.

 

Men Johannes såg noko meir. Han såg det som skal hende etter dette, og det synet har prega vekkingskristendom i hundrevis av år. Det talar om gleda i håpet for Guds folk, og det talar med stort alvor om domen som skal kome over denne verda og dei som forkastar Guds frelse i Jesus Kristus. C.S.Lewis sa det slik ein gong: «Det er etter at mange kristne har slutta med å tenkje på den andre verda at dei er blitt så ineffektive.  Ha himmelen som mål, og du vil eige jorda; sikt mot jorda, og du vil ikkje få noko av delane.» Eg trur at noko av grunnen til at kristenfolket i Norge er meir prega av materialisme enn av evangelisering, er at vi har mista synene frå Patmos. Forløysinga sin dag er her snart, og Herrens bud har derfor hast.

Dagens bibelord - 5 Mos 7,7-11

7 Når Herren hadde godhet for dere og valgte dere ut, var det ikke fordi dere var større enn alle andre folk; for dere er det minste av alle folkene. 8 Men fordi Herren elsket dere og ville holde eden han hadde sverget for deres fedre, førte Herren dere ut med sterk hånd. Han fridde deg ut fra slavehuset, fra faraos, egypterkongens, hånd. 9 Så vit da at det er Herren din Gud som er Gud, den trofaste Gud som holder pakten og viser kjærlighet i tusen ledd mot dem som elsker ham og holder hans bud, 10 men som straks gjengjelder og gjør ende på dem som hater ham. Han er ikke sen med å gjøre gjengjeld mot den som hater ham. 11 Så hold da fast ved de budene, forskriftene og lovene som jeg gir deg i dag, så du lever etter dem.

5 Mos 7,7-11
 Når Herren hadde godhet for dere og valgte dere ut, var det ikke fordi dere var større enn alle andre folk; for dere er det minste av alle folkene.
Les mer