Å lære andre som lærer andre

Postet: 12. februar 2015  

Eit gammalt kinesisk ordtak er nokolunde slik: «Gje ein mann ein fisk, og han får mat den dagen. Lær han å fiske, og han får mat resten av livet». I Matteus 4:19 inviterer Jesus sine etterfølgjarar til å vere med i hans misjonsarbeid ved å «fiske» menneske. Samtidig som det er klart at Den heilage ande var i arbeid med å forandre hjerte og sinn, så var Jesus tilbakehaldande med å gjere læresveinane sitt fiskeri. Jo, han forkynte og demonstrerte, men han var mest oppteken med å utruste og sende ut dei som skulle bere arbeidet vidare.

Herren førebudde sitt folk til å leve ut oppdraget frå Matteus 28:19-20, der det handlar om å utruste og multiplisere læresveinar: «Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk». Berre ved at nye læresveinar utrustar nye læresveinar kan misjonsoppdraget lukkast.

Paulus brukte tydelegvis same modell i si teneste, noko som 2.Tim.2:2 fortel oss: «Og det du har høyrt av meg framfor mange vitne, skal du gje vidare til pålitelege menneske som er i stand til å læra andre». I truskap mot Gud forkynte han Ordet til Timoteus, slik at Timoteus kunne gje det vidare til pålitelege kristne, som igjen kunne lære andre.

Eg trur det er på dette punktet vi har dei største utfordringane i Norge, og vi har hatt det lenge. Forkynninga frå talarstolen kan ikkje vurderast høgt nok, og må alltid ha den sentrale plass i den kristne forsamling. Berre forkynninga av Ordet om Korset kan føde nytt liv, for det er ei Guds kraft til frelse. Utfordringa ligg i at forkynninga har vore praktisert av for få, og for einsidig vore knytt til talarstolen. Mange stader ser vi at forsamlingsarbeidet stoppar opp ettersom organisasjonane har færre forkynnarar å sende ut, og det må jo i stor grad handle om at for mange har vore passive tilhøyrarar, i staden for å blitt gjort til læresveinar som nyttar sine nådegåver slik at heile Kristi kropp vert verksam.

Eg kjenner det sårt at eg i mi eiga teneste har praktisert så lite av det Jesus og Paulus modellerer. Det handlar ein del om at eg sjølv vart spurt om å gå inn i oppgåver utan særleg opplæring, men det handlar nok også om nokre mekanismer i kulturen vår. Det er lett å få klapp på skuldra for det ein gjer framfor den store folkemengda, men det har mindre status å bruke tid saman med berre nokre få. Her må vi ikkje sette ting opp mot kvarandre, men vi må i alle fall styrke det som Bibelen modellerer.

Dagens bibelord - 2 Kor 12,7-10

7 For at jeg ikke skal bli hovmodig på grunn av de høye åpenbaringene, har jeg fått en torn i kroppen, en Satans engel som skal slå meg – for at jeg ikke skal bli hovmodig. 8 Tre ganger ba jeg Herren om at den måtte bli tatt fra meg, 9 men han svarte: «Min nåde er nok for deg, for kraften fullendes i svakhet.» Derfor vil jeg helst være stolt av mine svakheter, for at Kristi kraft kan ta bolig i meg. 10 Og derfor er jeg fylt av glede når jeg for Kristi skyld er svak, blir mishandlet, er i nød, i forfølgelser og i angst. For når jeg er svak, da er jeg sterk.

2 Kor 12,7-10
 For at jeg ikke skal bli hovmodig på grunn av de høye åpenbaringene, har jeg fått en torn i kroppen, en Satans engel som skal slå meg – for at jeg ikke skal bli hovmodig.
Les mer