Korleis skal vi innta landet?

Postet: 17. august 2016  

Ei inspirerande generalforsamling ligg bak oss, og store utfordringar ligg framfor oss. Vi skal innta landet ved at menneske får eit møte med den levande Gud gjennom forkynning av Ordet – det som kan skape nytt liv og vekst. Vi er takksame for at vi får leve i eit land der vi har fridom til å nå menneske gjennom mange ulike misjonstiltak, som t.d. barnehagar og friskular, men vi må ikkje gløyme at Herren først og fremst byggjer sitt rike med utgangspunkt i den kristne forsamling. Der vert truande utrusta og sendt for å dele Evangeliet med dei som enno ikkje trur.

Vi står samla om ein felles visjon der vi vil bygge kristne fellesskap og forsamlingar, og skal dei ha framtida for seg, må dei ha som målsetting at nye generasjonar skal nås og inkluderast. Vi må erkjenne at ein mange stader slit med rekruttering av unge menneske, og fleire stader opplever ein at unge heller orienterer seg mot andre samanhengar enn å engasjere seg i våre bedehus. Vi vil nemne tre stikkord som seier noko om korleis vi kan snu utviklinga:

Revitalisering: Dette har vi halde på med i mange år gjennom fokuset på forsamlingsbygging. For å nå nye generasjonar ser stadig fleire behovet for å gjere endringar i arbeidsmåtar, kultur, møtetidspunkt, organisering, osb. Gudsordet er det same til alle tider, men vi må innsjå at mykje rundt oss er i stadig forandring. Ofte er det ikkje dei store endringane i arbeidet som skal til, men der må vere vilje til å innsjå at vi ikkje kan stivne til i gamle former og arbeidsmåtar.

Replanting: Nokre stader må ein berre innsjå at det eksisterande misjonsarbeidet går mot styrt avvikling. Vi vil oppmode unge menneske til å gå inn og revitalisere det eksisterande arbeidet, men av ymse grunnar ser ein del på dette som uaktuelt. Dette kan ofte opplevast sårt, og det er ein situasjon vi ikkje vil tale lett om, men framtida kan likevel ligge i at ein seier til dei unge: «Velkomen til å nytte Bedehuset. Her har de fridom til å starte opp eit nytt forsamlingsarbeid slik de finn det rett for å nå dykkar generasjon».

Planting: I stadig fleire område av landet vårt er det så få menneske som vert nådde gjennom eksisterande forsamlingar at ein berre må plante nye fellesskap frå grunnen av. Dette skjedde i stor målestokk då rørsla vår var ung. No må vi be om at Herren får bevege oss, slik at det kan skje på nytt.

Dagens bibelord - Luk 19,1-10

1 Han kom inn i Jeriko og dro gjennom byen. 2 Der var det en mann som het Sakkeus. Han var overtoller og svært rik. 3 Han ville gjerne se hvem Jesus var, men han kunne ikke komme til for folkemengden, for han var liten av vekst. 4 Da løp han i forveien og klatret opp i et morbærtre for å få se ham på et sted hvor han måtte komme forbi. 5 Og da Jesus kom dit, så han opp og sa til ham: «Sakkeus, skynd deg og kom ned! For i dag må jeg ta inn hos deg.» 6 Han skyndte seg da ned og tok imot ham med glede. 7 Men alle som så det, murret og sa: «Han har tatt inn hos en syndig mann.» 8 Men Sakkeus sto fram og sa til Herren: «Herre, halvparten av alt jeg eier, gir jeg til de fattige, og har jeg presset penger av noen, skal de få firedobbelt igjen.» 9 Da sa Jesus til ham: «I dag er frelse kommet til dette huset, for også han er en Abrahams sønn. 10 For Menneskesønnen er kommet for å lete etter de bortkomne og berge dem.»

Luk 19,1-10
 Han kom inn i Jeriko og dro gjennom byen.
Les mer