Om støtte til aksjon i Oslo med Franklin Graham

Postet: 22. februar 2017  

Dei fleste har registrert at ein del personar de siste par vekene har trekt sin støtte til invitasjonen av Franklin Graham og møteaksjonen i Oslo i november. Så vidt eg har registrert, er det ingen av desse personane som vurderer situasjonen som svart/kvitt, men etter ei totalvurdering ser ein at støtte no er problematisk i lys av Grahams seinare politiske uttaler. Eg har stor respekt for dette. Etter ei totalvurdering står eg likevel ved den invitasjonen som er gitt.

Eg har gått gjennom ein god del innlegg på Graham si Facebook-side. Ein del uttaler som lyder kontroversielle, kan ein forklare og forstå om ein legg godvilje til, medan noko er heilt klart problematisk. Sjølv om fleire innlegg dei siste månadane har politisk slagside, er det likevel ikkje tvil om at hovudfokus er det evangeliserande og diakonale arbeidet som The Billy Graham Evangelistic Association (BGEA) driv. Då vi inviterte denne organisasjonen til å ha ein møteserie i Oslo (lenge før den amerikanske presidentvalkampen starta), var det ikkje minst deira apparat og erfaring med slike evangeliske aksjonar vi sa ja til. Slik ser eg det framleis.

Det er sikkert fleire evangelistar både i og utanfor USA som kunne kommunisert den kristne bodskapen enno betre enn Franklin Graham, men vi har altså fått presentert ein aksjon som er mykje meir enn dei 2-3 preikene han skal halde. Forarbeid og etterarbeid er ikkje minst viktig, og tilbakemeldingane har vore gode frå andre land med tilsvarande aksjonar.

Som kristen leiar uttaler eg meg om verdispørsmål som Guds ord gjev dekning for, gjerne også i samband med valkamp, men eg uttaler meg aldri partipolitisk. Min «innsats» i samband med denne aksjonen er berre at eg har lånt ut mitt namn i samband med invitasjonen, og om nokon dermed vil ta meg til inntekt for Graham sine politiske uttaler, så får dei gjere det. Eg kjem ikkje til å kommentere Grahams politiske utspel, og spørsmål rundt dette må rettast til han sjølv eller hans organisasjon. I den grad det vil dukke opp fleire spørsmål kring Grahams utspel, vil det vere ei utfordring for BGEA og arrangementskomiteen.

Så er det noko med perspektivet som Paulus deler i Filipperbrevet 1:15ff, der forkynning av Ordet skjer utan den ideelle bakgrunn. «Kva så? Kristus vert i alle høve forkynt, anten det no skjer med baktankar eller i sanning. Det gleder eg meg over. Ja, eg vil halda fram med å gleda meg».

Nokon stiller nok spørsmålsteikn ved om slike møteaksjonar har utspelt si rolle i vår tid. Mitt syn er at når Herren har kalla oss til å vere menneskefiskarar, må vi kunne kaste ulik vegn i sjøen. Om det sit eitt menneske i Oslo Spectrum i november som får høyre seg frelst, er det verd det.

Dagens bibelord - 5 Mos 7,7-11

7 Når Herren hadde godhet for dere og valgte dere ut, var det ikke fordi dere var større enn alle andre folk; for dere er det minste av alle folkene. 8 Men fordi Herren elsket dere og ville holde eden han hadde sverget for deres fedre, førte Herren dere ut med sterk hånd. Han fridde deg ut fra slavehuset, fra faraos, egypterkongens, hånd. 9 Så vit da at det er Herren din Gud som er Gud, den trofaste Gud som holder pakten og viser kjærlighet i tusen ledd mot dem som elsker ham og holder hans bud, 10 men som straks gjengjelder og gjør ende på dem som hater ham. Han er ikke sen med å gjøre gjengjeld mot den som hater ham. 11 Så hold da fast ved de budene, forskriftene og lovene som jeg gir deg i dag, så du lever etter dem.

5 Mos 7,7-11
 Når Herren hadde godhet for dere og valgte dere ut, var det ikke fordi dere var større enn alle andre folk; for dere er det minste av alle folkene.
Les mer