Forbundsstyret

Valgdistrikt: Indremisjonssamskipnaden

Arne Lindekleiv Namn: Arne Lindekleiv
Bustad: Husnes
Alder: 61 år
Stilling: Kyrkjeverje
Misjonsoppgåver:
• Ungd.sekr. i Indremisjonssamskipnaden
• Områdesekræter i Spjelkavik/Sunnmøre
• Ulike leiaroppgåver i barne- og ungdomsarbeid, korarbeid
• Formann i Husnes Indremisjon
• Styremedl. i Indremisjonssamskipnad, 4 år som formann (1997-2001)
• Styremedlem i Framnes VGS (2005 – )
• Styremedlem i ImF (2007 – ) 

Min draum for ImF:
At vi i ImF kan vera prega av ein ekte Jesusbegeistring som tiltrekkjer og smittar dei vi møter. At ImF som organisasjon har vilje og evne til den fornying som trengs for å nå fram og inn til menneska i våre nærmiljø, med ein bodskap som fører til omvending og disippelskap.

Favorittdisippel: Peter, som med sin iver og sine feiltrinn vart eit så tydleg prov på korleis Jesu kjærleik kan løfte opp og gje ein ny start i livet og tenesta.

Namn: Hans Arne Børsheim
Bustad: Strandebarm
Alder: 44 år
Stilling: Distriktssjef, Posten Norge AS
Misjonsoppgåver:
• Leiar i Børsheim Indremisjon, Strandebarm
• Tidlegare leiar i Strandebarm Sokneråd
• Diverse deltaking i mange ulike samanhengar i kristen regi, deriblant innan song og musikk 

Min draum for ImF:
Min draum er at ImF gjennom sitt mangfoldige arbeid, fortsatt skal vera eit sterkt Guds redskap for å føre menneske til frelse og inn i felleskap med Jesus Kristus. Det skjer gjennom tydeleg og klar forkynning av Guds ord, der ein møter enkeltmenneske med Jesu omsorg og Jesu kjærleik. Dei ulike kretsane, foreningane, forsamlingane og laga, skal kjenne støtte i å vera ein del av ImF, der ein med respekt for eiga fortid, og på Guds ord, vidare utrustar alle deler av ImF til å møte eit samfunn i stadige omveltningar.

Favorittdisippel:
Peter, for hans mot og «guts». Etter fall og oppreising stod han frimodig fram på pinsedagen og arbeidde vidare i Guds kraft!

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

+ 49 = 58