Varamedlemmer (del 1 av 2)

Marit Mulelid Namn: Marit Mulelid
Bustad: Nesttun
Alder: 53
Stilling: Prosjektleiar IT
Valkrets: Bergens Indremisjon
Misjonsoppgåver:
• Høyrer til i Bergens Indremisjon, og er med i møteleiarteneste der
• Misjonsforeining
• Andaktsteneste
• Har tidlegare vore med i styret i BI og i BIUF i fleire år
• Vararepresentant i ImF-styret. Har møtt på styremøta dei siste 4 åra 

Min draum for ImF:
At ImF skal vere ein samlande faktor og representant for indremisjonsfolket. ImF skal arbeide for å vere til inspirasjon, motivasjon og støtte i det arbeidet som blir drive av indremisjonsforeiningane lokalt.

Favorittdisippel:
Andreas, som tok med seg guten med nistepakken til Jesus. Jesus velsigna maten, og det vart nok til å mette mange, mange. Han skulle eg gjerne likne.

Gudmund Furnes Namn: Gudmund Furnes
Bustad: Bygstad
Alder: 56
Stilling: Sjåfør
Valkrets: Sogn og Fjordane Indremisjon
Misjonsoppgåver:
• Sekretær i Dalsfjord og Bremanger Indremisjon 1980-88
• Sekretær i Øst-Finnmark Indremisjon 1988- 93
• Forkynnar 1993-98
• Har vore styreleiar i Bygstad Indremisjon
• Er for tida styreleiar i Sogn og Fjordane Indremisjon
• Med i Forbundsstyret frå 2001 – 2007
 

Min draum for ImF:
At vi må få vere ein evangelisk indremisjonsbevegelse som er visjonær og kan møte utfordringane som kjeme. At vi maktar nytenking. Framelske nye unge forkynnarar.

Favorittdisippel:
Det må bli Peter. Han ville så gjerne, men det gjekk galt inn imellom, men han fekk nåde og ei spesiell helsing frå Jesus.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Spambeskyttelse 21 + = 26