Jesus vart fødd «før Kristus»

Postet: 24. desember 2014  Emner: , , , ,   

Gjekk det i surr for Matteus og Lukas om tida då Jesus vart fødd?

I ein elles interessant artikkel i VG 21. desember om Romarriket og Jesus kjem denne påstanden fram om tida då Jesus vart fødd: «Evangeliene motsier hverandre: Lukas har Quirinius som hersker, Matteus har Herodes den store».

Det ser ut til at det er Jon Iddeng, doktor i antikkens historie og forfattar av «Romerrikets historie», som er kjelda til dette, og det er ikkje fyrste gong Matteus og Lukas blir sett opp mot kvarandre.

Dionysios bomma

Tidsrekninga til Dionysios Exiguus frå det sjette hundreåret slo gjennom i europeisk vitskap på 1600-talet. Det er ei kjent sak at Dionysios bomma nokre år på kva som var år null – altså Jesu fødeår, og vanleg oppfatning i dag er at Jesus vart fødd ein gong mellom år 6 f.Kr. og år 4 f.Kr. Ein av grunnane til dette er nettopp at regjeringstida til Herodes den store (Matteus 2,1) enda i år 4 f.Kr.

Fleire manntal

I VG-artikkelen blir det gjort greie for kva som skjedde etter at Herodes var død: «Romerne legger Judea til som romersk provins i 6 e.Kr. Stattholderen i Syria, Quirinius, overtok makten og beordret folketellingen (manntallet), først og fremst av hensyn til skatteinnkreving».

Under keisar Augustus (regjeringstid 27 f.Kr. til 14 e.Kr.) byrja ein i dei romerske provinsane å registrera innbyggjarane og eigedomane deira av skattemessige omsyn. Slike folketeljingar skjedde med om lag 14 års mellomrom. Mange, og Iddeng er truleg ein av desse, tenkjer at det er dette manntalet Lukas refererer til i kap. 2,1, og at det skjedde i år 4 e.Kr. Lukas fortel at manntalet var “medan Kvirinius var landshovding i Syria” (2,2). Kvirinius skal først ha teke denne posisjonen i år 6 e.Kr. og kunne altså då ikkje ha vore landshovding i Syria under eit manntal som skjedde i år 4 e.Kr. Matteus skriv at Jesus vart fødd “i kong Herodes” dagar (2,1), og Herodes og Kvirinius regjerte ikkje samtidig. Regjeringstida til Herodes den store var frå år 37 til år 4 f.Kr. Kvirinius var landshovding i provinsen Syria i år 6 til 9 e.Kr. Er konklusjonen då motseiing og feil i Bibelen?

Historikarar

Forskarane er ikkje samde om når det manntalet som Lukas viser til, skjedde. Studieutgåva til Det nye testamentet (Det norske bibelselskapet 2008) viser til den jødiske historikaren Josefus (levde frå 37/38 e.Kr. til ca. 100 e.Kr.), som fortel at Kvirinius gjennomførte ei folketeljing i år 6 e.Kr. Den britiske professoren Colin Humphreys viser i artikkelen “Folketellingen” (Biblex – Hermons store bibelhåndbok, Hermon forlag 2005) til historikeren Orosius, som på 400-talet skreiv at keisar Augustus gav ordre om ei folketeljing i alle provinsar for alle menn. Orosius konkluderer: “ved den tiden ble altså Kristus født og ført inn i den romerske manntallslisten”.

Truskap til keisaren

Ifylgje professor Humphreys kan det sjå ut til at Josefus refererer til den same hendinga. Denne folketeljinga handla ikkje om skatt (skatt blir ifylgje Humphreys ikkje nemnd i dei greske handskriftene til Lukas’ evangelium), men om truskapen til keisar Augustus. Josefus skriv at “da alle jøder forsikret keiseren og kongens regjering om sin velvilje, sverget ikke disse mennene (fariseerne), og de var omkring seks tusen”. Ut frå tekstsamanhengen hos Josefus skjedde denne truskapsinnskrivinga til keisar Augustus om lag eit år før Herodes den store døyr, skriv professor Humphreys.

Kvirinius

Kva for eit manntal er det då Lukas viser til? Dersom det er den Kvirinius gjennomførte i år 6 e.Kr., stemmer det ikkje med at det var medan Herodes den store levde. Men dersom det var denne truskapsinnskrivinga til keisar Augustus som professor Humphreys opplyser om, høver det godt med det Lukas fortel. Og sjølv om Kvirinius ikkje formelt vart landshovding før i år 6 e.Kr., hadde han oppgåver for keisaren som gjorde at han vart betrakta som militær landshovding i Syria før den tid (Studiebibelen, Illustrert Bibelleksikon AS, 1978). I år 11-7 f.Kr. kjempa han mot den opprørske stamma homonadane i mellom anna nordre Syria, og i år 6 f.Kr. blei han prokonsul for Pamfylia-Galatia.

Lukas var oppdatert

Professor Humphreys skriv òg at den greske setnadsbygginga i Lukas 2,2 er uvanleg, og at ei alternativ omsetjing til norsk kan vera slik: “Denne innskrivningen fant sted før den da Kvirinius var landshøvding i Syria”. Lukas var nemleg fullt klar over det manntalet som hadde med skatt å gjera i år 6 e.Kr. Det er omtala i Apostelgjerningane 5,37, som også har Lukas som forfattar.

Truleg fødd i år 5 f.Kr.

Det er altså rasjonelle argument for å seia at Lukas og Matteus har sine ord i behald: Legg me til grunn at det var ei truskapsinnskriving til keisaren Lukas fortel om, er det ikkje urimeleg ut frå dei kjeldene eg har vist til, å konkludera med at dette var før Herodes den store døydde (stemmer då med Matt.2,1). Og sjølv om Kvirinius ikkje var landshovding i namnet før i år 6 e.Kr., var han det i gavnet før den tid (stemmer då med Lukas 2,1-5).

Dersom det skjedde slik professor Colin Humphreys skisserer, vart Kristus fødd i år 5 f.Kr. Ein kan altså ikkje utan vidare slå fast at evangelietekstane motseier kvarandre.

 

 

Dagens bibelord - 2 Mos 33,17-23

17 Da sa Herren til Moses: «Også dette som du ber om, vil jeg gjøre, for du har funnet nåde for mine øyne, og jeg kjenner deg ved navn.» 18 «La meg da få se din herlighet!» sa Moses. 19 Han svarte: «Jeg vil la all min godhet gå forbi deg og rope ut for deg navnet Herren. For jeg er nådig mot den jeg viser nåde, og barmhjertig mot den jeg forbarmer meg over. 20 Du kan ikke få se ansiktet mitt», sa han, «for et menneske kan ikke se meg og leve.» 21 Herren sa: «Se, her er et sted tett ved meg; still deg der på klippen! 22 Når så min herlighet går forbi, vil jeg la deg stå i klippekløften, og jeg vil dekke deg med håndflaten til jeg er kommet forbi. 23 Så vil jeg ta hånden bort; da kan du se meg bakfra, men ansiktet mitt kan ingen se.»

2 Mos 33,17-23
 Da sa Herren til Moses: «Også dette som du ber om, vil jeg gjøre, for du har funnet nåde for mine øyne, og jeg kjenner deg ved navn.»
Les mer