Vi vil hjelpe heimane

«Eg treng ei god forsamling, og gjerne også tilgang til ein kristen friskule, for at barna mine skal bli bevart hos Jesus». Slike utsegn høyrer vi ofte, og det er eit uttrykk for ei ekte bekymring for korleis det er å vekse opp i eit sekulært og multireligiøst samfunn. ImF har ofte, og i sterkare og sterkare grad, oppmoda til å byggje forsamlingar, skular og barnehagar, men det er enno viktigare for oss at den kristne heimen ikkje held fram med «å sette bort» det ansvaret ein sjølv har. 

Då vi for nokre få år sidan la inn i vår langsiktige strategi at «vi vil stimulere til aktiv formidling av kristen tru i heimen», var det fordi vi meiner dette er ei gudgitt oppgåve som framleis står ved lag: «Desse orda som eg byd deg i dag, skal du gøyma i hjarta ditt. Og du skal prenta dei inn i borna dine. Du skal tala om dei når du sit i huset ditt, når du går på vegen, når du legg deg, og når du står opp» (5.Mosebok 6:6-7). 

ImF vil leggje Awana-ressursane i hendene på foreldra, og seie: -Vi vil hjelpe slik at de kan ta dykkar ansvar på alvor

Mange kristne foreldre strevar med dette. Dei er usikre, har manglande sjølvtillit, og kjenner på at dei ikkje «når inn» til sine håpefulle. Derfor er det vår hensikt å skape sjølvtillit, og gje overtyding om det gudgitte mandat som Bibelen talar om.  

I desse dagar vurderer fleire forsamlingar og lag om dei skal ta i bruk Awana-ressursane som ImF lanserer i landet vårt. Vi står midt i eit stort og omfattande arbeid med å legge til rette dette til vårt språk, og tilpasse det vårt læregrunnlag og kultur. Det er mange praktiske spørsmål som dukkar opp når ein skal vurdere ei omlegging av barne- og ungdomsarbeidet, men vi ber om at ein ikkje mister det fundamentale av syne her. ImF vil leggje Awana-ressursane i hendene på foreldra, og seie: «Vi vil hjelpe slik at de kan ta dykkar ansvar på alvor. Det er de som sørger for kontinuiteten, og så vil vi arbeide for at forsamlinga kan gje støtte og hjelp ut over det».  

Den primære hensikt med forsamlinga sitt arbeid må vere å utruste heimen til å gje trua på Jesus Kristus vidare til neste generasjon. Med «heimen» tenkjer vi då i vid forstand (foreldre, besteforeldre, einslege, m.m). Gjennom heimane byggjast relasjonar til menneske som ikkje har ei levande tru, eller som ikkje har eit kristent fellesskap. Ei forsamling har andre oppgåver også, og ei forsamling må ta omsyn til at familie er noko meir enn mor-far-barn-relasjonen. Men det skal ikkje endre det som er grunnleggjande: «Fortel borna dykkar om det. Dei skal fortelja det til sine born, og deira born til ei ætt som kjem» (Joel 1:3).  

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

+ 1 = 9