• Trossamfunn

    Ein del av Indremisjonsforbundet (ImF) som er ein evangelisk-luthersk misjonsorganisasjon med sentraladministrasjon på Bildøy og med krinsar, byforsamlingar og foreiningar ulike stader i Noreg.vart oppretta av ImF’s styre den 5.september 2009, basert på vedtak under ImF si generalforsamling i juli 2009.

    Vart offisielt registrert den 4.november 2009.

    Er eit formelt tilbod til dei som ønskjer å vere kyrkjerettsleg registrert, og som ikkje ønskjer å vere det gjennom andre kyrkjesamfunn.

    Driv i samsvar med ImF sitt evangelisk lutherske grunnsyn og organisasjonen sine prinsipp.

    Har eit eige styre (samansetning finn du her).

    Har offentleg registrerte forstandarar som har avgitt erklæring om å føre medlemsregister og elles forvalte trussamfunnet sine plikter. Liste over forstandardar finn du her.

    All møteverksemd og alle aktivitetar vert normalt drive i regi av det lokale eller regionale organisasjons- og misjonsfellesskapet. Lenge før ImF Trossamfunn vart oppretta, laga ImF ei handbok for Bedehuset, der ein finn rettleiing og ordningar for alt godt arbeid som vi ønskjer Bedehuset skal romme. Det betyr at om ein ønskjer dåp, konfirmasjonsarbeid, gravferd, eller vil ta del i nattverdfelleskapet, tek ein kontakt med den lokale forsamlinga på Bedehuset. Om forsamlinga ikkje har kapasitet, eller ikkje tilbyr det du ønskjer, tek ein kontakt med krinsleddet i ImF eller ImF sentralt (kontaktinfo finn du her).

  • Vigsel

    Lenge før ImF Trossamfunn vart oppretta, hadde ein i Handbok for Bedehuset på plass ordning for velsigning av ekteskap som er inngått borgerleg eller av annan prest/forstandar. Dette er framleis ein fullverdig og god måte å starte sitt ekteskap på, og fordelen er at kven som helst av leiarar med åndeleg tillit kan leie ein slik seremoni der ekteparet vert velsigna i si kristne forsamling. Det som er viktig, er at det vert ført ein grundig og god vigselssamtale med brudeparet, for ansvaret for slik samtale kan lett falle mellom stolane når det er fleire instansar med i bildet.

    ImF Trossamfunn fekk offentleg godkjent vigselsrett 4.desember 2009. Dersom ein ønskjer vigsel i trussamfunnet,  må ein ta kontakt med ein av våre forstandarar, då det berre er desse som vil vere offentleg godkjende vigselsmenn. Dei vier innanfor norsk lovgivning, men forutset den bibelske forståinga av ekteskapet mellom ein mann og ei kvinne. Som hovuddregel vier vi brudepar der minst den eine er medlem i trussamfunnet. Når det gjeld spørsmålet av gjengifte (vigsel av personar som gifte og skilde) følgjer vi den rettleiinga som ImFs hyrderåd har utarbeida og offentleggjort  (sjå rettleiing frå ImF her). Vigslar sin rett til å nekte vigsel for desse grunnane er lovfesta i ekteskapslovas § 13.

    I førebuinga av ein vigsel er det papir som må fyllast ut, slik at det offentlege kan lage ein attest om at brudeparet har lov til å gifte seg. Denne attesten/skjemaet brukar så forstandar, brudepar og forlovarar til å skrive under på etter vigselen. Vi tilrår at ein nyttar denne veldig greie vegvisaren for denne prosessen.

    Vi tek også med nokre viktige punkt i Ekteskapslova:

    Ekteskapet må bli inngått av fri vilje, og ekteparet må anerkjenne kvarandre sin like rett til skilsmisse.

    Partane som skal gifte seg må ikkje vere i nær slekt. Det vil seie søsken, eller slektningar i rett opp- eller nedstigande linje.

    Ingen av partane må vere gift med andre, heller ikkje i utlandet.

    Utenlandske statsborgarar som giftar seg må ha lovleg opphald i Norge.

    Ekteskapsalder er 18 år. Fylkesmannen kan gje løyve til vigsel for personar under 18 år når det ligg føre sterke grunnar for det og det ligg føre samtykke frå foreldra eller verge. Det vert ikkje gitt løyve til vigsel for barn under 16 år. Det er uansett straffbart å gifte seg med nokon under 16 år.

    Vigsel i ImF Trossamfunn skjer i tråd med vår godkjende ordning for vigsel, med personleg oppmøte, og med minst to vitne over 18 år til stades. Som regel vil trossamfunnet ha noen utgifter (f.eks. reiseutgifter og/eller honorar) i forbindelse med vigsel, og da vil det i utgangspunktet være naturlig at brudeparet dekker noe av dette.

    Vigsel

  • Medlemskap

    For å melde seg inn, forutset vi at ein identifiserer seg med organisasjonens formål og basis (komplette vedtekter finn du her, som pdf-fil). Vidare krev offentleg lov
    at ein ikkje tilhøyrer eit anna trussamfunn
     at ein er norsk statsborgar eller busett i Norge
    at ein har fylt 15 år
    Vi har lagt ut eit utmeldingsskjema som vi har fått frå Fylkesmannen i Hordaland. Dette vert og nytta ved utmelding av ImF Trossamfunn. Elles har dei ulike trussamfunn som regel eige utmeldingsskjema, om ein ønskjer å bruke det.

    Ein melder seg inn ved å skrive ut, signere og sende inn vårt eige innmeldingskjema (pdf-fil). Det er mogleg å verte medlem i trussamfunnet utan å oppgje fødselsnummeret, men det vert ikkje gitt tilskot for vedkomande.

    NB! Nokre spør om ein kan melde seg elektronisk inn i ImF Trossamfunn. Så langt kan det gjerast ved å fylle ut og signere innmeldingsskjema, og så kan ein scanne inn (evt ta foto av det utfylte skjemaet om du har god mobil/kamera) og så sende det via epost til imf@imf.no. Lova seier at «Trudomssamfunnet fastset sjølv kva måte innmelding i samfunnet skal gjerast på», og så langt må vi ha ei signert innmelding via epost eller post.

  • Barn og medlemskap

    Barnet sitt medlemskap følgjer ikkje automatisk med når foreldra eventuelt melder seg inn i eit nytt trussamfunn. Foreldra må derfor sjølv sørge for at barnets medlemskap vert avslutta, og eventuelt melde barnet inn i foreldra sitt nye trussamfunn dersom dette er ønskjeleg. Her er nokre viktige poeng:

    Barn som vert fødde medan foreldra er gifte, høyrar til same trussamfunnet som foreldra.

    Barnet høyrer til same trussamfunn som mor frå fødselen av dersom foreldra ikkje er gifte.

    Offentleg lov seier vidare at når barnet er 12 år eller meir, skal det få seia si mening om innmelding eller utmelding, om det let seg gjera.

    Gifte foreldre som er medlem av ulike trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, avgjer saman om barnet skal vere medlem eller høyre til eit trussamfunn, og eventuelt kva trussamfunn det skal vere.

    Dersom ein av foreldra er medlem i Den norske kyrkja, vil barnet tilhøyre denne kyrkja frå fødselen av. Foreldra må i så tilfelle gje melding dersom dei ikkje ønskjer at barnet skal tilhøyre Den norske kyrkja.

    For å melde inn born som er under 15 år og fødde før foreldra melde seg inn, nyttar ein eige skjema (pdf-fil). Sjølv om lova seier at barn ved fødsel vert tilhøyrande same trussamfunn som sine gifte foreldre, er det vår erfaring at det offentlege sender oss melding om at fødselen har hendt, og barnet er dermed ikkje registrert hos oss. Derfor er det best at foreldra sender ei slik melding til oss.

    Sjå her for andre avklaringar, eller til komplett lovtekst for «Lov om tros- og livssynssamfunn.» Ønskjer du heller skjema tilsendt i posten, ta kontakt med ImF.

    Barn og medlemskap

  • Vedlegg