Forskjellsbehandling er lov

,

Det er ikkje slik at trussamfunn har ein særrett til å forskjellsbehandla på grunnlag av blant anna kjønn og seksuell legning.

I saka om presten som trekte seg frå eit vikariat på Osterøy grunna harde ord om ekteskapssynet hans, skreiv Johannes M. Bysheim mellom anna dette i lokalavisa Bygdanytt (referert i Dagen 04.06.19): «Det eg har vanskeleg for å skjøna, på eit prinsipielt plan, er at det skal vera greitt at ein innafor religiøse samfunn skal kunna diskriminera på grunnlag av blant anna kjønn og seksuell legning når resten av samfunnet ikkje har lov til det.»

Eg går ut frå at Bysheim har paragraf ni i likestillings- og diskrimineringslova i tanken. Denne paragrafen har overskrifta «Lovlig forskjellsbehandling». Her står det fylgjande: «I arbeidsforhold og ved valg og behandling av selvstendig næringsdrivende og innleide arbeidstakere er direkte forskjellsbehandling på grunn av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsettelse, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk bare tillatt hvis denne egenskapen har avgjørende betydning for utøvelsen av arbeidet eller yrket, og vilkårene i første ledd er oppfylt.»

Her står det altså ikkje noko om at det berre er «religiøse samfunn», for å nytta Bysheims uttrykk, som har lov til å forskjellsbehandla, heller ikkje når det gjeld kjønn eller seksuell orientering. Det går òg fram av ordlyden at retten til å forskjellsbehandla gjeld andre ting enn berre det som blir oppfatta som tilhøve knytta til religion.

I regjeringa sitt forslag til lova (proposisjon 81 L (2016-2017)) er det presisert at «ikke all forskjellsbehandling er diskriminering. Det kan foreligge legitime grunner til å behandle folk forskjellig.» Forskjellsbehandling i samband med tilsetjing er tillatt «dersom egenskapen (f.eks. kjønn og seksuell orientering) har avgjørende betydning for utøvelsen av arbeid eller yrke».

Det er rett at lovverket tidlegare gav trus- og livssynssamfunn særskilt adgang til å forskjellsbehandla på grunnlag av seksuell orientering. Men dette vart oppheva frå 1. januar 2014 og er altså no ein del av eit generelt unntak frå forbodet mot diskriminering. Eit slikt unntak har altså lovgjevar funne at er naudsynt. Alle som oppfyller vilkåra om at forskjellsbehandlinga a) «har et saklig formål», b) «er nødvendig for å oppnå formålet» og c) «ikke er uforholdsmesssig inngripende overfor den eller de som forskjellsbehandles», kan forskjellsbehandla etter lova.

Dette gjeld «på eit prinsipielt plan», slik Johannes M. Bysheim er oppteken av.

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

+ 65 = 66