Tag Archive for: Fri – foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold

Fri og Pride står for mykje som nokon og ein kvar vil vera kritisk til – om ein bryr seg med å undersøkja. 

«Eg har ikkje tenkt til å rive ned samfunnet sjølv om eg er homo», forsikrar kommentator i Bergens Tidende, Jens Kihl. I eiga avis 18. juni går han i rette med avisa Dagen, som på leiarplass har peikt på at det er vanskeleg å skilja mellom Pride som arrangement og arrangøren.

I Norge er den internasjonale Pride-rørsla representert ved «Fri – foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold», og det er Fri som er arrangør av paraden. Kihl meiner han går av eigne grunnar.

Protestrørsle

Det er ikkje godt å seia kva Kihl meiner med at han ikkje vil «rive ned samfunnet». Ein annan stad i kommentaren skriv han at «mange av dei strukturane som har vore der sidan gamaltestamentleg tid, må bli endra på.» Han synest i alle fall å tenkja på familien. Fleire enn eg vil meina at det er den viktigaste byggeklossen i samfunnet.

Sosiologen Magnus Wennerhag omtaler Pride på nivå med andre sosiale protestrørsler – ei rørsle som arbeider for samfunnsendring gjennom påverknad av menneske med mynde til å ta avgjerder eller ved å endra allmenne vurderingar i samfunnet. Dette er eit arbeid som tar lang tid og er prega av at aktivistar freistar å vinna allierte blant innflytelsesrike samfunnsaktørar som politiske parti, etablerte organisasjonar og styresmakter. Dette er eit mønster det er lett å kjenna igjen.

Analyse

I fjor vår kom den kristne tenketanken Claphaminstituttet i Sverige med ein analyse av innhaldet i programmet for Stockholm Pride 2017. Analysen var til då den einaste i slitt slag og bygger på spesifikke søkeord eller -fraser i søkefunksjonen til den offisielle websida stockholmpride.org. Resultata bør overraska og utfordra.

Resultata bør overraska og utfordra

Det blir ofte sagt at Pride handlar om at alle menneske har same verdi. Men søket på ordet «menneskeverd» (på svensk, sjølvsagt) gav null treff. «Menneskerettar» gav berre fire treff, og den relevante programposten var oppteken av å framstilla prostitusjon i eit positivt lys.

Ordet «norm» fekk 38 treff. Samanhengen gjorde det klart at normer er noko som tilhøyrer fortida eller som det er trong for å bryta ned, særleg om normene var tradisjonelle.

Søk på «relasjon» viste at fleire programpostar handla om relasjonsanarki – viljen til å leva frikopla frå faste relasjonar, og der romantiske relasjonar vart trekt i tvil.

Kjærleik eller sex?

Pride er sagt å vera ei feiring av kjærleiken. Dette ordet fekk 33 treff i søket, og 15 av dei vart kategoriserte som positive. Men i 8 av desse 15 tilfella var det sponsorar som brukte ordet. Eit arrangement i det såkalla «Kinkykvarteret» kopla kjærleik med sadisme.

Ordet «sex» resulterte i heile 64 treff, 42 av dei omtalt i positive vendingar. I denne kategorien kom døme som «å knulla for verdsfreden» og «korleis knulla heitt, vilt og intensivt med kven eg vil og når eg vil utan å vera uroleg for kjønnssjukdomar».

– Koplingar til djupare former av menneskeleg fellesskap saknast heilt, peikar Claphaminstituttet på.

Vald

Ifølgje analysen var det òg arrangement under Stockholm Pride 2017 som framstilte vald, smerte og rus i eit positivt lys. Søkeordet «overgrep» fekk derimot null treff, og det same var tilfellet for «pornografi».

Om Jens Kihl no har behov for å distansera seg frå dette ved å distansera seg frå Pride-arrangøren, har eg stor forståing for det. Men det endrar ikkje på det Fri står for og den ukritiske oppslutnaden den internasjonale Pride-rørsla har fått.

Først publisert i Bergens Tidende 22.06.19.

Bildetekst: Kristne demonstrerer med plakater under Pride-paraden i Brisbane i Australia i 2006. Brukt i denne bloggposten som illustrasjonsbilde. Fotokreditering: Silje L. Bakke/Wikimedia Commons